Dei tre får prisen for arbeidet sitt med dans for barn og unge her i fylket, seier seier leiaren i kulturutvalet, Norvall Nøringset.
Tilbod til svært mange
– Her er veldig mange unge – jenter spesielt – som har fått opplæring i dans og ballett. Mange av desse har gått vidare og teke høgare utdanning med bakgrunn i opplæringa som desse har gitt dei, seier Nøringset.
Kulturutvalsleiaren trekkjer fram at dei tre har lagt ned eit svært stort arbeid. Langt på veg har dei klart å lage seg eit levebrød av det, men mykje har gått på frivillig arbeid.
Kulturprisen blir delt ut på fylkestinget i desember.