Hopp til innhold

Fv. 55 Esebotn stengd etter snøskred – trur ingen er tekne

Truleg har ingen blitt tekne av snøskredet som gjekk ved Kjenes nær Esebotn i Balestrand. Snøskredet sperrar riksveg 55 og vegen er stengd.

Det opplyser operasjonsleiar Frode Kolltveit i Vest politidistrikt.

Naudetatar, entreprenør, luftambulanse, redningshelikopter og ei rekkje frivillige rykte ut. Klokka 10.40 var ei rekkje av etatane framme på staden. Det blei gjort grovsøk, og det er ingen indikasjonar på at nokon er tekne eller dregne med ut i sjøen av raset.

Det var bilistar som varsla Vegtrafikksentralen.

Entreprenør rykte og rådførte med geolog før ryddearbeidet kunne starte.

Det skal vere store snømengder som har gått over vegen.

Raset har gått heilt ned til fjorden er om lag 2–3 meter høgt, og om lag 10 meter breitt.

Sambandet Dragsvik- Hella Vangsnes går i kriserute via Balestrand, melder Vegtrafikksentralen.

Det er tredje gong i februar at vegen mellom Balestrand og Dragsvik er stengd som følgje av snøskred. I byrjinga av månaden køyrde ein bil rett inn i skredet.

Nytt snøskred stengjer fylkesveg 55 i Esefjorden.
Foto: NRK-tipsar