Hopp til innhold

Fundotilsette formelt sagde opp

Alle dei tilsette ved Fundo Wheels har no fått oppseiing.

Fundo Wheels i Høyanger
Foto: Cosmin Cosma / NRK

Felgfabrikken gjekk konkurs den 12. januar , men etter tingingar med DnB NOR fekk verksemda pengar til drift i ein månad til.

Men no har bustyret levert oppseiingane, seier Erik Flæthe, som er hovudtillitsvald ved Fundo Wheels.

Dette betyr at det ikkje er noko automatikk i at dei tilsette ved Fundo stiller først i køen om det kjem inn nye eigarar og eit nytt selskap som held fram med felgproduksjon i Høyanger. Dei nye eigarane kan derfor velje å vrake kven dei skal tilsette.

- Men vi håpar vi kan vere med å bidra i den samanhengen, for vi føler vi har litt å bidra med, seier Flæthe.

Fleire interesserte i å drive vidare

Fleire skal vere "seriøst interesserte" i den konkursråka felgfabrikken. Mellom dei interesserte er Europas største felgprodusent, Borbet, som allereie har vore på synfaring.

- Mange ser kanskje på dei som den beste løysinga. Dei har lukta på Fundo før. Eg trur både vi og Borbet kan dra nytte av vår felles måte å gjere ting på, seier Flæthe.

Har ikkje tru på berre hybridhjulproduksjon

Hovudtillitsvald ved Fundo Wheels, Erik Flæthe.

Hovudtillitsvald ved Fundo Wheels, Erik Flæthe

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Fram mot konkursen var det om lag 200 tilsette på Fundo . Ved produksjon av det nye hybridhjulet vil ei eventuell ny verksemd truleg trenge rundt 100 tilsette.

Flæthe trur ikkje det berre blir produksjon av hybridhjul i ny bedrift.

- Det er opp til kundane og kva dei har behov for at vi produserer. Eg ser ikkje moglegjeita for å drive bedrifta vidare utan ein viss form for tradisjonell hjulproduksjon, seier fagforeiningsleiaren.