Hopp til innhold

Fotskade stogga Kjerpeset

Hekkeløparen Øyvind Strømmen Kjerpeset frå Florø måtte skuffa forlate bana etter å forgjeves ha prøvd alt for å få foten klar.

Øyvind Strømmen Kjerpeset

SKUFFA: Det vart ei tung oppleving for Øyvind Strømmen Kjerpeset då han onsdag måtte bryte i EM grunna ei fotskade.

Foto: Rune Fossum Lillesvangstu / NRK

Då EM-billetten gjekk i boks for florøværingen Øyvind Strømmen Kjerpeset (20) var målet ein semifinaleplass. Under 400 meter hekk i EM i Helsinki i dag måtte han bryte løpet grunna ein fotskade.

Prøvde til det siste

Heilt sidan april har Kjerpeset slite med ein betennelse i muskulaturen i fotbladet, men det er først dei tre siste vekene at det har vore eit stort problem.

– Eg har gjort alt eg kunne, og fysioterapeutar og legar har gjort alt som er mogleg, men det gjekk ikkje, seier Kjerpeset.

Rett før start såg det ganske mørkt ut for 20-åringen. Likevel stilte han på startstreken.

– Eg ville prøve til det siste, og prøvde å varme og eg stilte i blokka, men det let seg rett og slett ikkje å gjere å springe på beinet. Det er altfor smertefullt. Det riv og brenn når eg legg vekt på foten.

Ser lyst på framtida

Det vart ei svært tung oppleving for den unge hekkeløparen i Helsinki. Likevel prøvar han å halde fokus på det positive.

– Det er ei kjempeoppleving å bli tatt ut til EM og få lov til å vere her og berre vere i stemninga, men då blir det også ekstra tungt når eg ikkje får springe. Eg har ekstremt lyst til å springe. Og når eg ser på rundane som går så veit eg at eg kunne ha vore med og kjempa om semifinaleplass, seier Kjerpeset.

– Eg er berre tjue år og sannsynlegvis så kjem eg til mange fleire EM. Det er jo EM annakvart år, så det er berre å sjå framover og få ein frisk fot, seier han.

Klar for neste EM

Framover blir han nøydd til å ta omsyn til foten.

– Om eg gjer det kan eg kanskje springe igjen om ein månad eller to. Eg må berre snu det til noko positivt og framover jobbe ekstra mykje med det eg kan jobbe med.

Og Kjerpeset har klare mål om å delta på neste EM

– Absolutt. Om to år er eg to år eldre og sannsynlegvis mykje betre, så då kan eg vonleg vere med å kjempe om finaleplass.

Kjerpeset reiser heim att frå Helsinki på søndag.