Hopp til innhold

Mystisk skade kan velte EM-håpet

Hekkløparen Øyvind Strømmen Kjerpeset (Florø) kjempar ein knallhard kamp mot klokka for å nå sommarens EM. No slit han også mot ein mystisk skade.

Øyvind Strømmen Kjerpeset

SKADD: Hekkeløparen Øyvind Strømmen Kjerpeset (20) har ikkje fått trent skikkeleg på fleire veker. Tysdag håpar han å få svar på ein mystisk skade som han har slite med sidan april.

Foto: Rune Fossum Lillesvangstu / NRK

Medan hundredelane framleis er på feil side av EM-kravet, slit Øyvind Strømmen Kjerpeset med eit mystisk problem i indre del av fotbladet.

Smerter har gjort at han ikkje har kunne trene skikkeleg på fleire veker. No kryssar han fingrane for at han får springe under fredagens Tyrvingleikane på Nadderud.

– Det starta som ein ørliten plage som har kome og gått sidan april. Dei siste par vekene er det blitt ganske intenst. I dag har eg ikkje eingong kunne jogge etter løpet i går, seier 20-åringen.

Vedvarande smerter

Søndag sprang florøværingen inn til tredjeplass på tida 51.76 i finske Tampere. Det er nokre tidelar seinare enn kjempeløpet han leverte på Bislett i førre veke. Då var han berre ni hundredelar frå EM-kravet på 51.10 på 400 meter hekk.

Sjølv fortel han at smertene plar komme dagen etter løp.

– Tidlegare har det kome dagen etter, og forsvunne dagen etter der igjen. No er smertene vedvarande og skaper ein del problem, vedgår han.

Må ha diagnose

Strømmen Kjerpeset var måndag til undersøking hos fleire fysioterapeutar på Olympiatoppen. Dei meiner det er tale om eit muskulært problem og har langt på veg stadfesta at det ikkje er brot som følgje av belastning.

Tysdag skal 20-åringen til ein manuellterapeut. Han håpar også å få tatt ein MR.

– Målet er å finne ut om det er irritasjon i beinet som kan føre til brot. Då må eg slutte å springe så fort som mogleg. Er det muskulært, så kan dei fikse det ganske raskt. No er det berre om å gjere å få ein diagnose, seier han.

– Dette er kjipt

Skaden har siste vekene gjort at han ikkje har fått trena som han ynskjer. For å spare foten, har han konsentrert seg om å vere klar til konkurransane og kampen mot EM-kravet.

– Dette er kjipt, men eg har overhovud ikkje gjeve opp EM-kravet. Diverre er foten no eit så stort problem at eg er veldig glad om eg får sjansen til å springe på Nadderud, seier han.

– Kva trur du sjansane er for at du får springe på fredag?

– Det er heilt uråd å seie. Men slik foten er i dag, så har eg like mykje lyst på ein frisk fot, som eg har til å springe i EM, seier han.

Uansett nøgd

EM er sesongens store mål for 20-åringen. No tek han ein dag av gangen. Som han har gjort dei siste par vekene.

Skulle han gå glipp av EM, er han likevel godt nøgd med sesongstarten.

– Eg er framleis ung, og har levert veldig stor framgang. Det er det som er viktigast for min del. Klarer eg ikkje EM-kravet, så har eg truleg fem-seks EM framfor meg. Målet er å stabilisere seg endå eitt sekund ned, så EM-kravet ikkje blir eit problem igjen, seier han og avsluttar:

– Men det er klart at no er det kjipt å vere like bak. Samstundes er det veldig vanskeleg å ta eit knallhardt EM-krav når eg ikkje får gjort det eg må gjere på trening for å spare foten til konkurransane.