Hopp til innhold

Full stopp i juleborda: – Fleire vil gå konkurs

FLÅM (NRK): Den nye smittebølga i Noreg gjer at fleire reiselivsbedrifter no stenger heilt eller delvis ned. Julebordssesongen skulle vere redninga, men avbestillingane tikkar inn.

TOMT: I Flåm er det normalt heilårsturisme, men i år det tomme gater. Hotelleigar Aud Melås har fått mange julebord-avbestillingar.

TOMT: Det skulle kome over 150 cruiseskip til Flåm i år, men det kom berre eitt. No forsvinn juleborda også.

Foto: THOR BRØDRESKIFT / FLÅMSBRYGGA

Tysdag la regjeringa fram ein ny koronapakke, der verksemder med omsetningssvikt skal få dekt delar av dei faste, uunngåelege kostnadene.

– Dette er ikkje nok, diverre. Det er grunn til å tru at ein god del verksemder vil gå konkurs dei neste månadene, seier Aud Melås.

Ho er eigar og dagleg leiar av Flåmsbrygga hotell, som er ein av hjørnesteinane i turistbygda Flåm i indre Sogn.

Julebordssesongen skulle vere eit lite plaster på såret, men sidan dei nye innstrammingane kom i førre veke har avbestillingane tikka inn.

– Vi hadde lov til å ha 50 gjestar, og så plutseleg datt det til 20. Dei få bestillingane vi har blir nærmast umogleg å gjennomføre, seier Melås.

I desse dagar har hotellet fem årsverk på jobb, medan 44 er i permisjon.

Hotellet er normalt ope heile året, men etter dei siste innstrammingane har hotellet ope torsdag, fredag og laurdag.

Dette kan endre seg i vekene framover dersom bestillingane blir heilt borte.

Aud Melås i Flåm

TOMT: I Flåm er det normalt heilårsturisme, men i år det tomme gater.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Må stenge hotell

Fleire andre reiselivsbedrifter varslar no at dei stenger, for å kome seg gjennom ei krevjande tid.

Hardangerfjord Hotel i Øystese opna i mars i år, og fell difor utanom dei statlege støtteordningane. Dei også merka eit tydeleg skifte etter regjeringa si innstramming førre veke.

– Vi fekk mange avbestillingar etter den pressekonferansen, som gjer at vi diverre no må stenge hotellet frå neste helg, seier hotelldirektør Tanja Borge.

Også Hotel Ullensvang i Hardanger legg inn årene. I ei pressemelding fortel dei at hotellet blitt stengt frå 22. november og fram til mars neste år.

Også fleire av dei store kjedene seier tida framover blir krevjande.

– Vi er takknemleg for den støtta vi får, men for vår del dekker det berre ein brøkdel av dei tapa vi no må ta som følge av smittevern, nedstenging og restriksjonar, seier adm.dir., Torgeir Silseth i Nordic Choice Hotels.

Kristin Krohn Devold

HØG KONKURSFRYKT: Kristin Krohn Devold i NHO Reiseliv seier mange verksemder kjem til å slite framover, trass i den nye tiltakspakka frå Regjeringa.

Foto: Oda Hveem / NHO Reiseliv

Høg konkursfrykt

NHO Reiseliv seier tiltaka som regjeringa la fram tysdag er eit godt steg i riktig retning, men at det også er høg frykt for konkursar i bransjen.

– Når du tek frå hotell- og restaurantbransjen moglegheita til å servere vin til maten, så skjer det noko med kundane. Då tek ein heller julemiddagen seinare i januar eller februar, seier direktør Kristin Krohn Devold i NHO Reiseliv.

– Fleire verksemder seier til oss at det hadde vore meir rettferdig om dei fekk beskjed om å stenge, legg ho til.

Næringsdepartementet viser til pressekonferansen med næringsminister Iselin Nybø (V) tysdag. Der sa ho at støtteordninga mot bedriftene er berekna til 5 milliardar kroner.

– Vi utvidar eksisterande kompensasjonsordningar, slik at vi hjelper det som elles er levedyktige bedrifter til å kome seg gjennom krisa, seier Nybø.