Hopp til innhold

Atle og sonen hamra på døra då dei såg brannen: – Han ville snu og ta på sko. Eg drog han med

Minst sju er huslause etter brannen på Frekhaug utanfor Bergen laurdag kveld. Éin person blei sendt til sjukehus. Nabo Atle Dingen fortel om ei dramatisk brannutvikling.

Atle Dimmen foran branntomt på Frekhaug i Alver kommune

DRAMATISK: Atle Dingen fortel at heile nabolaget er prega etter den dramatiske brannen laurdag kveld. Brannen spreidde seg til to andre husvære. Minst sju personar er heimlause.

Foto: Benjamin Dyrdal

Éin person blei sendt til sjukehus etter at det braut ut brann i eit rekkehus på Frekhaug nord for Bergen laurdag kveld. To hus er totalskadde, og minst sju personar er huslause.

Men det heile kunne gått mykje verre.

Atle Dingen, kona Vibeke og sonen Espen og svigerdottera hadde sett ferdig ein fotballkamp laurdag kveld. Litt før klokka 22 gjekk sonen og svigerdottera heim til sitt hus, som ligg like nedanfor i det same byggefeltet.

På veg heim kjente dei lukta av røyk. Kort tid etter kom sonen springande opp igjen.

– Han skreik at eg måtte koma med ein gong, og at det stod eit hus i full fyr, fortel Atle Dingen.

Dingen og sonen kom fram til at det var ein mann inne i det allereie røykfylte huset, men ytterdøra var låst.

– Me banka og hamra på rutene. Då kom han til slutt ut – forvirra, og ville inn igjen for å ta på seg sko. Då drog eg fatt i han og fekk han med ut, fortel Dingen heime i stova.

Han fortalde først om opplevinga si i Bergens Tidende.

Brann på Frekhaug

TOTALSKADD: Brannen ramma tre av husa i rekkehusrekkja. To av dei blei totalskadde.

Foto: Benjamin Dyrdal / NRK

– Full overtenning

Då NRK møter Atle Dingen heime i huset på Frekhaug sundag ettermiddag har han og kona akkurat kome heim. Dei var blant fleire familiar som måtte sove på hotell i natt.

Ifølge politiet er tre bueiningar heilt øydelagde. To av dei er totalskadde. Minst sju personar har mista heimen sin.

Nabo Dingen såg sjølv ikkje flammar då han hjelpte naboen ut døra, men brannen utvikla seg veldig raskt, fortel han.

– Det var så mykje røyk der inne. Eg høyrde spraking, så eg antar at det var fyr allereie. Me var borte i kanskje fem minutt medan me hjelpte mannen bort til ambulansepersonellet. Då me kom tilbake, var det full overtenning.

Brann på Frekhaug
Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

Han er prega av det som skjedde i natt, men først og fremst letta for at det gjekk så bra.

– Det er forferdeleg. Og frykteleg for dei som no har mista heimane sine. Me tenker på dei, seier ein tydeleg prega nabo.

Prega er også ordførar Sara Hamre Sekkingstad (Sp).

– Me er glade for at det etter forholda har gått bra med alle dei involverte, men det er ei tragisk hending for alle dei som no har mist heimane sine, seier ordføraren i Alver.

Ni bustader blei evakuerte.

– Ein familie er evakuert til Alver Hotell, dei andre bur hjå vener og familie, seier Sekkingstad.

Tre leilegheiter er så skadd etter brann at dei som bur der ikkje får lov å koma heim. Det er førebels ikkje klart når dei andre evakuerte kan få flytta heim igjen.

Det er for tidleg å spekulera i kva som kan ha starta brannen, seier jourhavande jurist Andreas Haldorsen i politiet.

– Det vil bli gjort kriminalundersøkingar frå og med i dag og utover morgondagen. Når undersøkinga kan starta opp, er for tidleg å seia.

Ingen har status som mistenkt etter rekkehusbrannen.

Brannvesenet fekk kontroll på brannen og dreiv ettersløkking utover morgonkvisten sundag. Sundag ettermiddag er framleis folk frå brannvesenet og politiet til stades.

– Er det nokon som kjenner dei treng hjelp av helse no etter brannen, så ber me dei ta kontakt med legekontoret vårt, seier Sekkingstad.

Det brenn kraftig i rekkehuset på Frekhaug. No har også brannen spreidd seg.

Det brenn kraftig i rekkehuset på Frekhaug. No har også brannen spreidd seg.

Foto: Bergen Foto og Media

Store ressursar i sving

Brannen starta i eit hus på enden, og spreidde seg til de to andre husa.

110 Vest melde på X at det blei sendt ut store ressursar frå to ulike brannstasjonar.

Sju store brannbilar og rundt 25 brannfolk er på plass, saman med både politi og ambulansepersonell.

– Det brenn som berre juling, sa ein av dei evakuerte naboane NRK snakka med laurdag kveld.

Naboen hadde fått beskjed om å halde seg i området og vente på nærmare beskjed om kvar dei skulle evakuerast.

Like over klokka 3 natt til søndag meldte brannvesenet at dei hadde kontroll på brannen.

Evakuerte til rådhuset

Politiet påpeika tidleg laurdag kveld at det dreia seg om eit bustadområde med trehusbygningar der bustadene ligg tett.

Klokka 22.13 melde politiet at dei meiner å ha kontroll på bebuarane i den overtente bueininga. Ein person er frakta til Haukeland etter å ha fått i seg røyk.

Alver kommune sende ut melding om at alle innbyggjarar i Frekhaug-området burde halde seg innandørs, lukke vindauge og dører. I tillegg bad dei folk om å stenge av ventilasjon.

Årsaka er den store røykutviklinga.

Dei evakuerte er på rådhuset, og har fått beskjed om å halde seg der.

Flammar ut av rekkehusa på Frekhaug.

Flammane står ut av husa.

Foto: Bergen Foto og Media