Hopp til innhold

Full biltjuv let seg ikke stoppe av spikermatte – her susar han nordover på E39

– Berre flaks at det gjekk så bra som det gjorde, seier politiadvokat om den 14 mil lange biljakta.

Sunnfjordingen i 30-åra er i Sogn og Fjordane tingrett dømd til tre månader fengsel for måten han avslutta den fuktige bursdagsfeiringa i fjor sommar.

Mannen stal ein bil, som stod med nøklane i og køyrde i nær to timar, både sør- og nordover på E39, med politiet på hjul.

På eitt tidspunkt måtte politiet over 200 km/t for å ta han att.

Blodprøve teken nær ein time etter biljakta, viste ein promille på 1,61. Det er åtte gonger promillegrensa i Noreg.

– Vi har både biltjuveri, høg fart og ruspåverka køyring, men eg har inntrykk av at det er sjeldan vi har alt i kombinasjon, seier politiadvokat Reidun Sæle Kongsvik.

– Berre flaks at det gjekk så bra som det gjorde, legg ho til.

Avslørt av mobildata

For det kunne gått svært gale denne augustnatta. Mannen vart oppsøkt av politiet kort tid etter at han tok bilen. Politibetjenten stod i bildøra, men vurderte det som for risikabelt å strekkje seg etter bilnøklane.

Mannen sette bilen i revers, og svinga brått. Politibetjenten hoppa unna for å unngå å hamne under døra og bilen.

Biltjuven forsvann sørover retning Førde. Politipatruljen var oppe i 160 km/t - utan å få auge på bilen att.

Medan patruljen besøkte fleire adresser i Førde på jakt etter biltjuven, kontakta mannen sin uroa sambuar politiet. Telefonen til mannen vart då spora sørover E39, og til ferjekaien på Lavik. Heller ikkje der følgde han politiet sin ordre om å gi seg.

14 MIL: Mannen stal bilen i 0440-tida augustnatta i fjor. Då politiet fann bilen att like før 0630, hadde dei i høg fart jakta biltjuven over 14 mil.

Køyrde over spikermatte

Dermed var jakta i gang att. Spikermatta like aust for Lavik punkterte eine framdekket og mannen krasja i ein ventande politibil, før han i høg fart heldt fram nordover mot Førde.

Bil med ødelagt felg 2

PUNKTERT: Heile dekket og halve felgen vart borte då politiet fann bilen.

På eitt tidspunkt var politiet oppe i 210 kilometer i timen. Farten var betydeleg redusert, men framleis høg, då politiet filma jakta mellom Vadheim og Sande.

Frå 300-500 meters avstand observerte patruljen at bilen fleire gonger var over i møtande køyrefelt. Til alt hell var det lite trafikk.

– (...) heilt tilfeldig at køyringa ikkje enda i alvorleg ulukke, der den tiltala kunne ha drepe eller skadd både seg sjølv og andre, konkluderer retten.

Hugsa lite - erkjende alt

Bil med ødelagt felg 3

SKADD: Bilen vart funnen att ved eit sandtak, aust for Førde. Den hadde då tydelege spor etter den ville biljakta.

Foto: Politiet

LAv omsyn til trafikken avslutta operasjonssentralen forfølginga like utanfor Førde. Patruljen mista biltjuven av syne, men fann bilen att skadd ved eit sandtak. Mellom anna var høgre framdekk og halve felgen vekke.

Mannen trefte dei gåande langs E39.

Sjølv om han berre hugsar enkeltglimt frå natta, erkjende han straffskuld for det han var tiltalt for. Om han gjennomfører eit program mot ruspåverka køyring, slepp han å sone 75 dagar av fengselsstraffa.

Men han må klare seg tre og eit halvt år utan førarkort.

Han må og betale 20.000 kroner i bot, samt 32.000 kroner i erstatning til Vest politidistrikt for skadane på politibilen.