– Vi er heilt avhengige av at vegen er open. Folk og varer skal til og frå kvar einaste dag, seier Geir Helge Østerbø.
Frå å vere rimeleg sikker opplev bygdefolket på Høyanger sørside at fylkesveg 8 ofte stenger på grunn av skred og skredfare.
3. november i fjor gjekk det fyrste raset i nærleiken av Åkre som heldt vegen stengt i fleire dagar.
Vegvesenet måtte også stenge i nyttårshelga på grunn av skredfare, og medan vegen var stengt kom det steinar og sørpe i vegbana.
No er området så utrygt at det seinast i dag måtte stenge på grunn av skredfare. Østerbø fryktar stengingane blir ein vane i ei tid der vegen trengst meir enn nokon sinne.
– Vi kan ikkje leve med at vegen er stengt i fleire dagar berre fordi det kan byrje å regne.
Mykje trafikk som manglar veg
Omkøyringa over fjellet til Matre har avgrensingar for tunge køyretøy, og det blir heller ikkje sett opp ekstraferjer over fjorden når vegen er stengt.
– Fylkesveg 8 vart bygd på slutten av 80-talet, sidan er det ikkje gjort stort. Trafikken har auka, her er enorm vekst i næringslivet, seier Østerbø.
Blir ikkje gjort noko før til våren
Byggeleiar Solfrid Kvamme i Statens vegvesen seier dei vurderer å få opp eit fanggjerde når vêret betrar seg til våren.
– Vi hadde eit ras der 3. november, det vi ser no er at det rasar frå dette skredløpet, då må vi halde det stengt til det er stabilt.
I fylgje Kvamme er vertilhøva om vinteren for krevjande til å arbeide i fjellsida.
– Meir langsiktig vurderer vi fanggjerde, men skal vi få det på plass treng vi stabile vertilhøve over ei litt lengre periode, vi håpar å få det på plass til våren, seier ho.
– Det blir for lenge å vente
Geir Helge Østerbø meiner det blir for lenge å vente til våren med å få sikra vegen. Både kraftutbygginga og den nye produksjonshallen til Osland settefisk treng til dømes store mengder betong kvar dag.
– Vi kan ikkje leve med at vegen er stengt i fleire dagar berre fordi det kan byrje å regne, seier Østerbø.