Hopp til innhold

Her skapar kvar innbyggjar inntekter for over 1,4 millionar kroner kvar

HØYANGER SØRSIDE (NRK): Kvar av dei 346 innbyggjarane i dei små bygdene på sørsida av Sognefjorden skapar inntekter for 1,4 millionar kroner i året.

Tilsette i Osland havbruk

GODT NØGDE: Dei tilsette ved Osland havbruk er med på eit økonomisk eventyr.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Folk som kjem på besøk blir litt mållause, vi har stor verdiskaping på ein stad der ingen skulle tru at det budde folk. Vi er jo heldige, gliser lokalpatriot Geir Helge Østerbø.

Bygdene Ikjefjord, Bjordal, Søreide og Ortnevik ligg avsides til i fjordarmane langs sørsida av Sognefjorden. Ferja over til kommunesenteret Høyanger går stort sett berre om morgonane og ettermiddagane.

I 1999 budde det 437 innbyggarar her. I 2018 bur det 346. Det har vore år der berre ein ny elev har starta på skulen. Men trass stempelet som fråflyttingstruga utkant knuser verdiskapinga per innbyggar det meste her til lands.

Dei største lokaleigde verksemdene omsette i fjor for 475 millionar kroner, det er nær 1,4 millionar kroner per innbyggar frå 0 til 100 år.

Ortnevik ferjekai

ORTNEVIK: Ferjekaia er det fyrste som møter dei besøkande om ein kjem frå Høyanger.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Investerer over ein milliard

No skal det investerast over ein milliard kroner til. Det lokale oppdrettsselskapet bygger ny settefiskhall. I mange år har kraftselskapa henta ut store verdiar frå fjellvatna bak bygdene, no brukar SFE og BKK 800 millionar i ei av dei siste store kraftutbyggingane i Noreg. Østerbø kraftverk vil frå 2020 kunne produsere straum for kring 50 millionar i året. Verdiskapinga skal vekse endå meir.

Men sjølv om millionane rullar inn vert småbygdene aldri noko krøsus-samfunn.

– Eg trur folk er heilt avbalanserte, og rolege på det, ler Geir Helge Østerbø. Han er samfunnskontakt i Osland havbruk og lokalpolitikar i kommunestyret.

Geir Helge Østerbø

STOLT: Geir Helge Østerbø

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Enorme investeringar på trappene

Oppdrettsnæringa er motoren i lokalsamfunnet.

Osland Havbruk omsette i fjor for 382 millionar kroner, og sat att med nær 100 millionar kroner i overskot.

I nabogrenda Ortnevik har Sogn Aqua investert 80 millionar kroner i landbasert kveiteoppdrett. Planen er å investere 200 millionar kroner til og fleirdoble produksjonen.

Kveiteoppdrett i Sogn

OPTIMIST: Jan Even Østerbø jobbar hjå Sogn Aqua i Ortnevik. I anlegget bak han ligg 190 000 kveiter til oppfôring.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Folk bur i brakker

Det er nok av ledige jobbar. Problemet er å få folk til å busette seg. Fleire har heller synt interesse for å vekependle til bygdene, men samfunna treng fleire fastbuande.

Steinar Holen leiar Østerbø maskin. Verksemda lagar naudstraumsaggregat og notvaskarutstyr for oppdrettsanlegg. Omsetninga nærmar seg 90 millionar kroner i året.

Steinar Holen i Østerbø maskin

PATRIOT: Steinar Holen har budd i heimbygda heile sitt liv og har no nær 30 tilsette.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

På anleggstomta står ein brakkerigg der arbeidarar kan bu. Helst vil han at folk skal etablere seg.

– Det er jo ingen ledige hus her. Det er jo ikkje ideelt i framtida. Vi vil bidra til samfunnet og kommunen.

Må vekk for å kome heim

Ved Osland havbruk har ungdomen fått sommarjobb. Evy Søreide (17), Endre Østerbø (15) og Kjetil Kalstad (21) veit at bygda vil ha ungdomen tilbake.

Då gir ein også avkall på mange av dei tilboda som andre tek som ei sjølvfølge.

– Eg studerer oppdrett i Bodø, eg er oppvaksen her, hatt sommarjobbar her, og innsåg at dette var noko eg er interessert i, seier Kjetil Kalstad.

Sommarvikarar ved Osland Havbruk

FRAMTIDA: Endre Østerbø (t.v), Evy Søreide, og Kjetil Kalstad.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Kanskje vender han eller dei andre nasen heim att i framtida.

– Fordelane er at eg kjenner plassen godt, her er gode bedrifter og eg likar meg her. Det negative er jo at her er lite butikkar og folk, seier Evy Søreide.

– Eg er stolt av oss

Ved Osland havbruk sitt hovudkontor i Bjordal fôrar Monica Molland ved fem ulike oppdrettsanlegg langs fjorden. Datamaskinene styrer fôringa og overvakar temperaturen og oksygennivået i sjøen.

Merdane er pengemaskinene som held liv i bygda.

– Eg er stolt av oss her på sørsida. Alle har jobb, og det er interessante jobbar, seier Molland.

Foring av oppdrettslaks

OVERSIKT: Monica Molland fôrar oppdrettslaksen, snart skal også anlegg i Rogaland styrast frå Sognefjorden.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Håpet er å knuse dystre spådomar

Draumen er å stå i mot prognosane som varslar forgubbing og fråflytting. SSB ventar framleis nedgang i folketalet i Høyanger.

– No er her fire hus under oppføring i området, seier Geir Helge Østerbø.

Med kraftutbygginga kjem også fiberbreiband. Draumen er betre mobildekning fleire stadar.

Men om storsamfunnet gir nok tilbake for verdiskapinga er ikkje tema.

– Eg trur vi skal få til det vi vil berre vi har gode prosjekt, seier Østerbø.

For optimisten har eit håp:

– Om 50 år bur her dobbelt så mange som i dag.