Hopp til innhold

Fryktar sal skal trekke i langdrag

Administrerande direktør i Helse Førde, Jon Bolstad fryktar at den politiske uroa i Florø kring sjukehusbygget skal føre til at eit eventuelt sal trekkjer ut i langdrag.

Jon Bolstad

Jon Bolstad, administrerande direktør i Helse Førde

Foto: Tone Merete Lillesvangstu/NRK

Før helga kom Arbeiderpartiet med kraftig kritikk av Høgre og måten dei framforhandla ein intensjonsavtale om kjøp av sjukehusbygget for fem millionar.

Bolstad seier han fryktar at all uroa skal forseinke prosessen kring sjukehusbygget i Florø.

– Bekymringa mi går på at prosessane etter mitt skjønn tar unødig lang tid. Vi er veldig interesserte i å vite no om kommunen vil kjøpe bygget. Det handlar både om våre tilsette og det handlar om prosessar med å finne anna areal i Florø.

– Eit sololøp

Etter planen skulle bystyret ha handsama avtalen torsdag denne veka, men saka vart utsett til førstkommande tysdag. Det skjedde etter at eit klart fleirtal i formannskapet sa nei til avtalen.

Bente Frøyen Steindal

KRITISK: Bente Frøyen Steindal.

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

Tidlegare ordførar, Bente Frøyen Steindal, retta fredag følgjande regle mot etterkommar Bengt Solheim-Olsen og partiet hans.

– Utan noko mandat frå bystyret og utan å informere bystyret, har enkeltpersonar i Flora Høgre forhandla seg fram til ein avtale med Helse Førde. Dette er eit sololøp utan sidestykke, sa ho.

Vanskeleggjer

Kritikken blir avvist av Solheim-Olsen.

Tidl. Florø sjukehus

STRID: Det er lokal strid i Flora kring kommunen sine planer om å kjøpe sjukehusbygget i Florø.

Foto: Ottar Starheim / NRK

– Dersom Arbeidarpartiet seier nei til ein intensjonsavtale med Helse Førde som er vesentleg betre enn det Arbeidarpartiet prøvde å presse igjennom for to år sidan, så viser det at det er viktigare for Arbeidarpartiet å kritisere Høgre-ordføraren sitt arbeid enn å finne gode og konstruktive fellesløysingar for Flora kommune, sa han.

Bolstad seier at når kommunen på ein måte signaliserer ynskje om å kjøpe, så gjer dette jobben for Helse Førde vanskelegare til meir dette trekkjer i langdrag.