I ei pressemelding frå Frp heilter det at ein gjennom media er vorten kjend med at det er dialog med tanke på eit sal av bygningsmassen til Florø sjukehus frå Helse Førde til Flora komune.
Det er også vist til ein intensjonsavtale mellom dei to partane der Helse Førde pliktar seg til å lokalisere einskilde tenester i kommunen som motyting for at kommunen overtek bygningsmassen.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Meiner sjukehuset er nedlagt
Vidare skriv dei at det også vert vist til at Helse Førde skal flytte sin aktivitet ut av sjukehuset i Florø, og finne andre lokalitetar i kommunen for dei tenestene dei eventuelt vil oppretthalde.
Slik Frp forstår det, betyr dette at Helse Førde flyttar spesialisthelsetenestene ut av sjukehuset, i tillegg til at ein sel bygninga til Flora kommune.
Frp skriv vidare at Florø sjukehus då, på tross av lovnader av regjeringspartia i Soria Moria, per definisjon er nedlagt.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
På bakgrunn av dette, ønskjer Åge Starheim å spørje helseministeren: Har helseministeren godkjent sal av sjukehusbygget i Florø og nedlegging av Florø sjukehus?
- LES OGSÅ: