Hopp til innhold

Full Flora-krangel om sjukehusbygg

Høgre og Arbeidarpartiet i Flora er i full krangel om det moglege kjøpet av Helse Førde sitt sjukehusbygg i Florø.

Bengt Solheim-Olsen

AVVISER: Flora-ordførar Bengt Solheim-Olsen (H) avviser krass kritikk frå sin forgjengar Bente Frøyen Steindal (Ap) i sjukehussaka i Florø.

Foto: Bård Siem (MMS-foto) / NRK

Flora Høgre sin framforhandla intensjonsavtale med Helse Førde om kjøp av sjukehusbygget i Florø for fem millionar skaper rabalder.

Tysdag sa eit klart fleirtal i formannskapet nei til avtalen.

Skuldar Høgre for solospel

No kjem Arbeidarpartiet med beisk kritikk av måten Høgre har gått fram på. Dei seinare åra har drifta ved sjukehuset blitt kraftig redusert , og seinare lagt ut for sal .

Bente Frøyen Steindal

KRITISK: Bente Frøyen Steindal.

Foto: Simon Solheim / NRK

Sidan har mellom anna danske Transmedica og kommunen vurdert kjøp av bygningsmassen. No er Flora kommune i gang med ei ny runde .

– Utan noko mandat frå bystyret og utan å informere bystyret, har enkeltpersonar i Flora Høgre forhandla seg fram til ein avtale med Helse Førde. Dette er eit sololøp utan sidestykke, seier tidlegare ordførar i kystbyen, no gruppeleiar for Arbeidarpartiet, Bente Frøyen Steindal.

Ho seier Arbeidarpartiet må vite langt meir om kva eit kjøp vil innebere før dei eventuelt kan seie ja.

Ordføraren slår tilbake

Høgre-ordførar Bengt Solheim-Olsen avviser kritikken.

– Dersom Arbeidarpartiet seier nei til ein intensjonsavtale med Helse Førde som er vesentleg betre enn det Arbeidarpartiet prøvde å presse igjennom for to år sidan, så viser det at det er viktigare for Arbeidarpartiet å kritisere Høgre-ordføraren sitt arbeid enn å finne gode og konstruktive fellesløysingar for Flora kommune, seier han.

Solheim Olsen legg til at Arbeidarpartiet snart må innsjå at det no er høgrefolk som sit i sentrale posisjonar i Flora kommune.