Av Ragnhild Eikenes og Vegar Erstad
I går var dei tilsette i møte med Helse Førde-leiinga, og det var lite oppmuntrande, seier lokalpolitikar og Tronvik-tilsett Leif Larsen. Har er redd Tronvik ikkje eksisterer etter 2008.
Det var dei tilsette sjølv som bad om eit møte med leiinga i Helse Førde fordi dei frykta for utsiktene til arbeidsplassen sin. - Det dreier seg om 123 arbeidsplassar, og dette blir eir tap for Høyanger og dei omliggande kommunane, seier Larsen.
Gammalt vedtak
Men direktør for psykisk helsevern, Ole Christian Reusch, meiner Tronvik ikkje konkurrerer med Nordfjord når det gjeld rusverninstitusjon. Han seier dei 123 arbeidsplassane som forsvinn frå Tronvik skal til Førde, og at dette er eit gammalt vedtak. Etter dagens planar skal to sengeavdelingar på Tronvik leggjast ned, seier han.
Dei pengane som skal brukast på ein ny, korttids rusverninstitusjon er øyremerkte til å styrke lokalsjukehusa. Desse pengane vart tildelte Helse Førde i revidert nasjonalbudsjett. Reusch seier at det ikkje er noko nytt i saka, men meiner det heller dreier seg om ein skuffing over at ikkje Tronvik er lansert som første lokalitet for korttidstilbod i forhold til Nordfjordeid.
- Ruspasientar treng meir enn psykiatri
Med korttid meiner ein opphald på inntil seks månader. Fylket skal ha totalt mellom 10 og 15 korttidsplassar. Og det er ei uttalt målsetting at i alle fall den første rusverninstitusjonen skal vere tilknytt eit av sjukehusa i fylket. Årsaka er at ruspasientar ofte treng meir enn psykiatri, som til dømes indremedisin.
- Ingen lovnad
Reusch si forklaring på at dei no er skuffa ved Tronvik, er at den tidlegare Helse Førde-direktøren i eit brev hadde vore inne på Tronvik som lokalitet for ein langtids rusverninstitusjon. I dette låg det ingen lovnad, seier Reusch.
Den planlagde korttids rusverninstitusjonen tilknytt Nordfjord sjukehus vil vere den første i Sogn og Fjordane.