Hopp til innhold

Fryktar følgjene av rasert økonomi

Svært få i Bremanger forstår korleis dei skal klare å spare inn nær 45 millionar kroner per år dei neste fire åra.

Svelgen
Foto: Nils Ola Strand

Måndag kom det fram at kommunen måtte føre eit tap på 190 millionar kroner etter Terra-saka. Og dette må dekkast inn innan fire år.

På sjukeheimen i Svelgen ristar dei berre oppgitt på hovudet.

- Det er dei svakaste, som skular, barnehage og sjukeheimar som må lide. Det er alltid slik når det er lite pengar, seier Gunnar Midtbø som er på besøk hos kona Anna på sjukeheimen i Svelgen.

Oppgitt ser dei korleis dei truleg blir skadelidande etter Terra-skandalen.

Fatale avtaler

For i juni i fjor gjekk eit einstemmig kommunestyre inn for å byggje ny sjukeheim. Men samstundes gjorde kommuneleiinga nokre fatale avtaler gjennom Terra Securities.

I går fekk kontrollkomiteen og gruppeleiarane i kommunestyret lese svart på kvitt kva investeringane har kosta. Berre i 2007 måtte dei føre eit tap på 190 millionar kroner.

Sjukeheim i det blå

Dermed er den nye sjukeheimen i Svelgen heilt i det blå, det må driftssjef Berit Olsbø Frøyen berre konstatere

- Det er veldig skuffande og fortvilande for oss alle, både for pasientane og vi som jobbar her. Dei bygningane som er her no, innfrir ikkje dei behova vi har.

45 millionar i året

For kommunen må no bokføra tapa innan fire år. Det blir 45 millionar kroner i året. For ei kommune med eit totalbudsjett på 177 millionar kroner er det formidabelt. Det utgjer til dømes omlag 75 prosent av heile pleie- og omsorgsbudsjettet til kommunen.

Sidan pleie- og omsorg og skulebudsjettet utgjer 2/3 delar av totalbudsjettet er det opplagt at kutta må takast her. Driftssjefen slit med å beskrive situasjonen

- Den virkar ganske håplaus.

- Blir vanskeleg

For samstundes er kommunen lovpliktig å yte slike tenester til innbyggarane, difor forstår heller ikkje ordførar Kåre Olav Svarstad korleis dei skal klare dette.  

- Det er eit godt spørsmål som vi ikkje har noko svar på i dag. Vi snakkar om nedskjeringar som ikkje er reelle. Det ligg klare føringar få departementet på at vi framleis skal ha forsvarleg tenestetilbod, så det blir ein vanskeleg balansegang.

Har mista trua

I dag kjem fylkesmannen til Bremanger og håpet i Bremanger er at staten skal hjelpe dei ut av krisa. For kommunalministeren har opna døra så vidt på gløtt for dette.

Men på sjukeheimen har dei mista litt trua. For Gunnar Midtbø på besøk hos kona Anna forstår ikkje korleis kommunen skal klare dette, og forstår iallfall ikkje at ingen blir stilt til ansvar

- Eg tykkjer det er forferdelege greier. Det verste er at ingen vil ta ansvar.