Hopp til innhold

Tilbyr sluttpakkar til alle journalistane

Den dårlege økonomien i lokalavisene gjer at alle journalistar med meir enn fem års ansiennitet i Firda har no fått tilbod om å søkje om sluttpakkar. Dei tilsette har blitt varsla om at det vil bli kutta om lag fire årsverk.

Yngve Årdal

MÅ KUTTE: Ansvarleg redaktør Yngve Årdal seier det var ein tøff jobb å orientere dei tilsette om nye kutt.

Foto: Bård Siem / NRK

Ansvarleg redaktør Yngve Årdal meiner det er naudsynte kutt som no kjem, men at det var ein tøff jobb å orientere dei tilsette om nye kutt.

– Det er ikkje noko kjekt. Vi har gått ut med tilbodet om sluttpakke og så jobbar vi med at det skal bli færrast mogleg kutt. Det er sagt eit visst tal og satsar på at det blir lågast mogleg. Vi vil ha journalistar til å lage innhald, seier Yngve Årdal.

Stram økonomi i eigarkonsernet

Lokalavisene i Sunnfjord har alt vore gjennom fleire kuttrundar. Dette har gått ut over salsavdelingane og grafikarane, hittil har redaksjonane vore verna.

Men tysdag denne veka var heile redaksjonen i Firda samla til møte. Der fekk dei vite at den stramme økonomien i eigarkonsernet Amedia no får konsekvensar for journalistane i fylkets største avis. Amedia la i går fram eit underskot på 52 millionar kroner første kvartal i år.

–Vi leverer på det budsjettet som vi er einige med våre eigarar om. Men ser vi prognosane på annonseinntekter, så går dei nedover. Det er det som vi også ser, at behovet for å korrigere kursen ligg der.

– Lesarane vil merke kutta

Om redaksjonen i Firda no blir krympa frå vel 20 til 16 årsverk, så vil lesarane merke det, innrømmer Yngve Årdal.

– Det blir feil å seie at lesarane ikkje vil merke redaksjonelle kutt. Men målet vårt er å gi ut papirutgåve og vere dyktige digitalt.

Opplevde ei tung og trasig stemning

Svein Heggheim, journalist i Firda bylinebilete, kommentarbilete.

Klubbleiar Svein Heggheim i Firda seier journalistane er prega etter møtet der det blei klart at avisa må kutte i redaksjonen.

Foto: Arne Stubhaug / arkivfoto / Firda

Klubbleiar Svein Heggheim i Firda seier dei tilsette opplever situasjonen som dramatisk.

– Folk er prega av dette. Det var ei tung og trasig stemning då vi fekk dette presentert. Eit kutt på fire journalistar vil få konsekvensar for kvaliteten. Vi har allereie skore til beinet og eit slikt kutt vil merkast, seier han.

Han seier avisa Firda har levert bra resultat og at det er andre aviser i landet som slit meir.

– Men vi veit at trendar ofte kjem andre stader først og deretter til oss. Det er røyndommen og det må vi ta innover oss. Vi visste det måtte kuttast, men ikkje at det var så mange som fire, seier han.