Hopp til innhold

Fryktar fleire sveltestreikar

Ann-Magrit Austenå i NOAS - Norsk organisasjon for asylsøkere - er redd for at sveltestreiken i Høyanger berre er den første av liknande aksjonar mellom asylsøkarar i Norge.

Sveltestreikande syrarar i Høyanger

KAN BLI FLEIRE SLIKE: i Høyanger sveltestreikar 23 syriske asylsøkarar fordi det tek så lang tid før dei kan få handsama søknadene sine.

Foto: Adalheidur Audardottir Oldeide / NRK

Austenå seier at når asylsøkarane blir haldne på ein armlengs avstand i total passivitet skaper det ein manglande tillit til det norske samfunnet som det kan bli vanskeleg å gjenopprette.

Ann-Magrit Austenå

– SKAPER KLIENTAR: Ann-Magrit Austenå i NOAS.

Foto: NOAS

– Eg fryktar at regjeringa skaper det den sjølv snakkar så negativt om, dei skaper klientar og parallellsamfunn og utanforsamfunn, fordi dei ikkje inkluderer raskt nok dei som kjem, og som gjerne vil ta ansvar for sitt eige liv.

Ho seier det er ein forferdeleg situasjon å vere i når folk blir sittande uverksame i lang tid.

– Dette er folk som høgst sannsynleg får opphald, og som raskt kunne ha kome i gang med busetting, integrering og arbeid.

Delte meiningar i Høyanger

På gata i Høyanger seier Monica Larsen Gjersvoll at det er trist at asylsøkarane sveltestreikar.

– Eg forstår dei, det har teke grueleg lang tid, og butilhøva er ikkje akkurat dei beste, har vi sett. Så eg forstår at dei vil ha fortgang i saka. Dei bur gjerne 14 stykker i lag. Folk kan få psykiske problem av mindre.

Men Hans Eriksen synest det er unødvendig å sveltestreike.

– Dei har kome til Norge, og det er ikkje slik dei skal oppføre seg, synest eg. Men no kjenner eg ikkje heile saka. Eg ser at byråkratiet i Norge kan vere tregt, men dei kan sjå litt på kva dei kom frå også. Dei har det trass alt betre her.

Ronja Trolie

HAR PRØVD Å FORMIDLE: Mottaksleiar Ronja Trolie.

Foto: Petter Strøm / NRK

Ronja Trolie, som er mottaksleiar i Høyanger, seier det er veldig beklageleg at bebuarane har sett seg nøydde til å gå til sveltestreik.

– At det har vore ein del frustrasjon er ikkje nytt for oss. Vi har hatt fleire møte med dei, dialogmøte der vi prøvde å formidle informasjon som er tilgjengeleg frå UDI, gjeldande ventetider og prosessen framover.

– Vi har også prøvd å formidle den situasjonen som Norge er i med auka ankomst i fjor og korleis det har påverka filsystemet og ført til lengre ventetider.

Forstår frustrasjonen

Trolie seier ho forstår at det er frustrerande å bu på mottak over lengre tid.

– Vi har oppmoda dei om å ta kontakt med UDI og formidle frustrasjon til dei og politikarar ved hjelp av andre metodar, som til dømes å skrive brev og gjennomføre underskriftskampanjar. Vi tenkjer det er meir effektivt og ikkje så dramatisk som å sveltestreike.

Lensmann Kåre Jan Hofrenning og asylsøkarar

POLITIET PÅ PLASS: Lensmann Kåre Jan Hofrenning prøver å få dei sveltestreikande til å flytte seg til andre sida av gata.

Foto: Adalheidur Audardotter Oldeide / NRK