Hopp til innhold

Fryktar dyrare nettleige på straum

Dei store kraftlinjene som er under bygging på Vestlandet kostar langt meir enn først planlagt. Fleire fryktar det skal slå hardt ut på straumrekninga til forbrukarane.

Fardal-Ørskog

MYKJE ARBEID: Biletet er teke i samband med skogrydding ved Moskog i Førde. Her starta dei i fjor haust arbeidet med å rydde plass til kraftlinja som skal gå mellom Fardal i Sogn og Ørskog på Sunnmøre.

Foto: Karl Kristian Langeland

Bygginga av dei store kraftlinjene mellom Simadal og Samnanger i Hardanger, og den store linja mellom Fardal i Sogn og Ørskog på Sunnmøre er i full sving. Men det kostar. Bergens Tidende skriv fredag at kostnadene på desse nye kraftlinjene har dobla seg på under tre år.

I 2009 vart det sagt at linjene skulle koste tre milliardar kroner, men no er prislappen kome opp i 6,5 milliardar, skriv Bergens Tidende.

Avisa skriv vidare at sjølv om investeringsoverslaga frå 2009 blir rekna om til 2012-kroner, så vil ein likevel få ein kostnadsauke som er på over 100 prosent.

Blant dei som er uroa over denne utviklinga er Huseiernes Landsforbund. Dag Refling og fleire med han fryktar dyrare nettleige.

– Det er all grunn til å frykte at forbrukarane må betale dei auka investeringsutgiftene, seier utgreiingssjef Dag Refling til Bergens Tidende.

Også fagsjef Ole Børge Yttredal i Norsk Industri uttrykker uro for at kostnadsauken skal gå utover industribedrifter som er storforbrukarar av energi.

Kommunikasjonssjef Irene Meldal i Statnett forklarer overfor avisa at prisauken skuldast at utbyggingane har auka i omfang undervegs, prisstiging og meir usikre kostnadsoverslag i tidleg prosjektfase.