Masteerstatning berre til Hardanger

Medan kommunane i Hardanger fekk 100 millionar som plaster på kraftlinjesåret, blir det null og niks i Sogn og Fjordane - trass i at kraftlinja er den samme.

Video Kraftlinje-debatten bless opp att i Naustdal

Kraftlinje-debatten bless opp att i Naustdal

Olje- og energiminister Ola Borten Moe vil ikkje gje ei einaste krone i kompensasjon for inngrepa som blir gjort i samband med bygging av den nye 420 kilovolts kraftlinja mellom Fardal og Ørskog.

Til samanlikning: I Hardanger hosta regjeringa opp 100 millionar.

– Eg vil understreke at Hardanger var eit eingongstilfelle. Eg kjem ikkje til å leggje til rette for ein repetisjon, seier Borten Moe til Bergens Tidende.

– Uhøyrt å ikkje behandle likt

Energistatsråden var tysdag på synfaring i helikopter over områda som kan få den gigantiske kraftlinja.

Tilbake på bakken møtte han ordførarane i Naustdal, Flora, Førde og Jølster.

– Vår natur er like mykje verd. Regjeringa må behandle oss på lik linje - noko anna vil vere uhøyrt, seier Flora-ordførar Bente Frøyen Steindal til avisa.

– Kommunane i Sogn og Fjordane må forstå at dette toget går no, og at dei ikkje lenger skal finne seg i å bli hersa med på denne måten, seier ho.

(Artikkelen held fram under biletet)

Slik linja frå Sogndal til Moskog.
Foto: OED

Vil ikkje utfordre Sp-kollegaen

Den nye 420 kilovolts kraftlinja er planlagd mellom Fardal i Sogn til Ørskog på Sunnmøre. Mastene vil bli mellom 15 og 45 meter høge.

Linja vil føre med seg store naturinngrep, men skal sikre krafttilgang for Sunnmøre - samstundes som kraft frå Sogn og Fjordane kjem på nettet.

Senterpartiets ordførarar i Førde og Jølster, Nils Gjerland og Gerd Dvergsdal, er ifølgje Firda ikkje innstilte på å utfordre partifellen som sit med makta i olje- og energidepartementet.

– I motsetnad til kommunane i Hardanger, har vi delteke i prosessen, og vi blir lytta til. Linja har også ein nytteverdi for oss, sjølv om ei slik kraftlinje alltid vil gå ut over nokon, seier dei til avisa.

- Ei stor misoppfatting

- Hardanger-kommunane er ikkje lova 100 millionar til eit næringsfond, men til avbøtande tiltak, seier statssekretær Eli Blakstad i olje- og energidepartementet.

Statssekretæren avviser med dette at regjeringa forskjellsbehandlar.

- Dei 100 millionane Hardanger får er ikkje kompensasjon, men pengar som skal gå til avbøtande tiltak i dei ulike kommunane. Det er ikkje heimel i lova for å gje kompensasjon når me byggjer denne typen infrastruktur, seier Blakstad.

Statssekretæren lovar at også kommunane her i fylket skal få pengar til avbøtande tiltak.