Hopp til innhold

Redningsselskapet ba om 70 millionar - fekk 44 til beredskap

– Redningsselskapet kan bli nøydde til å sette båtar på land, seier Martin Igland Malkenes som er marknadsansvarleg i Redningsselskapet.

Redningsskøyta "Platou" sleper hurtigruteskipet "Nordstjernen".

BEREDSKAP: Redningsskøyta 'Platou' sleper hurtigruteskipet 'Nordstjernen'.

Foto: MMS-foto: Terje Gilleshammer / NRK

Bakgrunnen er at då statsbudsjettet blei lagt fram i går fekk selskapet 30 millionar kroner mindre enn det dei hadde bede om.

– Vi har fått 44, 4 millionar kroner og vi har bad om 70 millionar for å drive nokolunde beredskap. Dette vil få store konsekvensar for drift til selskapet. Båtar blir mest sannsynleg sett på land, seier Igland.

Og det er noko av det verste som kan skje meiner Malkenes. Det ferskaste eksempelet på kor viktig redningsskøyta kan vere fekk vi 15. september då hurtigruta Nordlys fekk brann i maskinrommet like ved Ålesund .

– Ein tung dag

Då tok det berre sju minutt frå kapteinen slo alarm til redningsskøyte hadde slepar ombord. Men god beredskap kostar pengar og Malkenes fryktar at båtar her i fylket kan vere blant dei som blir sett på land.

– Det bestemmer dei i Oslo, men har du ikkje pengar så har du ikkje pengar. I år budsjetterte vi med 70 millionar kroner for vi tek av oppsparte midlar, men sånn kan ingen bedrifter drive. Difor må vi ta grep, og dette er ein tung dag.

Skuffa

Malkenes meiner løyvingane viser at regjeringa ikkje har teke inn over seg kva det vil seie å ha ein beredskap på kysten.

– Vi har hatt ein lang diskusjon om beredskap i Norge. og dei som løyver pengar har ikkje teke innover seg kva beredskap eigentleg inneber og kva det kostar.