– Dette er måten å drepa eit sentrum på. Det er dødskjedeleg, seier dyrlege på Voss, Bjørn Helge Brunborg. Han eig fleire gamle hus på Vossevangen, blant anna huset der kafeen Tre Brør held til.
Kritikken kjem mot utviklingen av Voss sentrum. Nye store leilegheiter for dei med god råd, eit mangfald som er i ferd med å forsvinna, og triste fasadar.
– Slik som utviklinga er no, er det stort sett eldre som flyttar til Vangen. Det blir bygd svære bygningar. Det er ingen barnefamiliar som har råd til å kjøpa dei, og det er heller ikkje interessant å bu her, for du kan ikkje sleppa barna ut. Ein er nøydd til å vera innandørs, seier Brunborg.
– Dei gamle vil ha det stille etter klokka seks
Forfattar og arkitektjournalist Ronny Spaans har nyleg kome ut med ei bok om kjøpesenter og byutvikling i Noreg.
Spaans seier at det som skjer på Voss, òg skjer mange andre stader i landet.
– Det blir ikkje eit trafikknutepunkt, men eit åreknutepunkt. Det blir mange gamle folk i sentrum, som vil ha det stille etter klokka seks. Då får ein ikkje eit yrande gateliv, som er det som gjer ein by levande, seier Spaans.
Han meiner at politikarane på Voss må gå i seg sjølve og spørja kva dei vil at Voss skal vera.
– Skal det vera ein triveleg liten småby med idylliske gater, eller skal me ha utgliding i form av bilisme og store kassebygg? Og skal Voss då enda opp som ei gjennomfartsåre, eller skal me ha folk som stoppar i sentrum?, spør arkitektjournalisten.
I gong med ny sentrumsplan
Voss-ordførar Hans Erik Ringkjøb fortel at kommunen anerkjenner kritikken mot sentrum.
– Ja, me er klar over utfordringane. Dette handlar om fortetting, om å få folk til å bu her. Det handlar om å ha eit levande sentrum, og då må me ta tak i det, og sjå kva me kan gjera som kommune for å legga til rette for den ønska utviklinga her på Voss, seier ordførar Ringkjøb.
No vil ordføraren utvikla Vangen, og kommunen er i gong med ny sentrumsplan.
– Den nye sentrumsplanen må sjå kva som skal til for at ein har lyst å bu her. At her er det kvalitetar som ein synest er bra, seier Ringkjøb.
Eigarinteressene til Bjørn Helge Brunborg var ikkje med i artikkelen då den blei publisert. Dette er lagt til seinare.