– Det er heilt elendig, rett og slett. Slik skildrar Stig-Jarle Ervik stoda for radiodekninga der han på heilt ute i havgapet på Stad.
Det er ikkje første gong vi høyrer frå dei frustrerte staværingane. Allereie kort tid etter at FM-nettet vart sløkt 21. juni, klaga dei over at dei nesten ikkje fekk inn radioen nokon stad. Den gongen forstod dei det slik at betre dekning var like rundt hjørnet.
– Det har vore fleire rundar med løfter, men dekninga er like dårleg, sukkar Ervik.
Han seier at det no er fem månadar sidan sist dei høyrde noko om kva som skjer med dekninga i området.
Det er særleg i grendene Honningsvåg og Årvik at dekninga er dårleg.
Viktig for tryggleiken
Mange er opptekne av god radiodekning, men for heilt ute i havgapet er det kanskje endå viktigare enn for flest. For dei kan radioen nemleg vere ei livsnerve når det stormar som verst ute i havet.
– Det har veldig mykje med tryggleik å gjere. Her er veldig mykje båtar, og vi har jo ikkje så dårleg mobildekning at vi ikkje får inn vêrmeldingar andre stader.
– Også er det jo eit sakn også i kvardagen, det er nyheiter og musikk. Det er katastrofe at vi skal gå tilbake, når all anna utvikling i samfunnet går tilbake.
Lovar at ting skal bli betre
Petter Hox er sjef for radiodistribusjon i NRK. Han kjenner godt til at dekninga heilt ytst ute i Selje kommune er dårleg, og seier at dei jobbar med saka.
Han må berre beklage at ting ikkje har skjedd fortare.
– Det er ikkje hyllevare desse sendarane, for å seie det sånn. Ting tek tid, men no har vi fått signal om at det nærmar seg, seier Hox.