Hopp til innhold

Styrtregn og hagl kan ha gjort skade for millionar

På få minutt blei avlingar for fleire millionar kroner truleg øydelagde. Fruktbønder fortvilar.

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Om lag tolv fruktbønder på Lofthus i Hardanger er råka etter uvêret som brått råka Lofthus i Hardanger søndag.

Like etter kl. 13.00 styrtregna det i fleire minutt, før det kom hagl i regnet i om lag eitt minutt.

Dei store haglkulene trefte fruktområda Eidnes og Helleland.

Skader på eple etter styrtregn på Lofthus

Hagl kan ha gjort skade for fleire millionar kroner.

Foto: Gaute Sekse

Uveret har gjort stor skade og mykje av avlingane er øydelagde.

Truleg kan det vere snakk om verdiar for millionar av kroner.

Tapte truleg 1 million i løpet av eit par minutt

– Det var ikkje noko triveleg å vere vitne til uveret som kom, seier fruktbonde Halldor E. Eidnes.

Slik såg det ut på Jåstad på vestsida av Sørfjorden i Hardanger.

Video: Torstein Langesæter

Forventa avling før uvêret kom var bortimot 100 tonn totalt.

Men i løpet av få minutt blei han vitne til korleis hagl store som klinkekuler øydela plommer og eple til ein verdi av over ein million kroner.

Han trur verdiar for ein plass mellom 7–10 millionar har gått tapt i området.

– I tillegg kjem tapet av tilskotet som vi er heilt avhengige av for å få økonomi i produksjonane, forklarar han.

– Når brorparten ryk, seier det seg sjølv at det er brutalt.

Kjenner ikkje skadeomfanget

Ullensvang fruktlager opplyser til NRK at om lag 12 bønder er råka.

Desse held til i områda frå nord i Opedal til Ernes. I nokre område i Eidnes, Helleland er nokre avlingar totalskadde.

Skader på eple etter styrtregn på Lofthus

Dersom det blir hol i skalet som følge av haglet, kan det kome sjukdomar i epla. Uansett kan det kome skjemmande skadar i skalet, forklarar Knut B. Hauso i Vestland bondelag.

Foto: Gaute Sekse

Kor stor skaden utgjer i volum har fruktlageret ikkje oversikt over endå, seier Aina Frøynes, fungerande dagleg leiar i fruktlageret.

Ifølge forskar Erik Kolstad i Norce klima er det dei varme temperaturane som er årsaka til styrtregnet.

– Dette er jo ikkje noko nytt, men vi ser meir av det no, det kjem oftare og det er meir intenst når det kjem, seier Kolstad.

Knut Byrkjenes Hauso i Vestland bondelag seier haglet gjekk som ei skypumpe, og at den bevegde seg veldig raskt.

– Det var veldig tilfeldig kor den trefte. Anten har ein hatt veldig uflaks, eller flaks, seier han.

Han seier det er ein trasig situasjon for dei som er råka. Sjølv om det finst erstatningsordningar, så er det ein eigendel på 30 prosent.

– Det vil aldri bli gode nok erstatningsordningar så lenge du må sitte med ein eigendel, så her tek bøndene ein betydeleg risiko sjølv.

Skader på eple etter styrtregn på Lofthus

Hagl kan ha gjort skade for fleire millionar kroner.

Foto: Gaute Sekse

Han seier det er viktig at bøndene melder inn skadane etter haglbya.

Håper og trur dei får hjelp

Fruktbonde Halldor E. Eidnes har aldri før opplevd liknande:

– Det har sjølvsagt vore haglbyer, men ikkje på denne tida av året. Det har aldri vore så store hagl før heller.

For ni år sidan blei området råka av ekstrem vind, Då var skadane endå verre enn i helga, fortel Eidnes.

– Det er krevjande å oppleve slikt. Vi håper og forventar at vi får noko hjelp til å bere noko av børa, seier han.