Hopp til innhold

Frp braut ikkje reglar om varsling

Framstegspartiet braut ikkje partireglar då ei kvinne for fem år sidan følte seg utsett for seksuell trakassering av eit mannleg medlem.

Frank Willy Djuvik
Foto: Arne Stubhaug / NRK

Det kom fram under partiet sitt møte i Oslo i dag. I går vart det kjent at ei kvinne i Eid Frp skal ha følt seg utsett for seksuelle tilnærmingar og sjikane frå eit sentralt mannleg medlem.

– Påstand mot påstand

Fylkesleiar Frank Willy Djuvik seier partiet vil ikkje avgjere skuldspørsmålet i denne saka.

– Vi er nøgde med den handteringa som fylkeslaget har hatt i saka. I forhold til mistanken om regelbrot, så er den avvist. Reglane om varsling blei ikkje innført før i 2007, og vår regiontilsette blei informert om saka i 2006.

– Vil denne saka få konsekvensar for mannen som er skulda for seksuell trakassring?

– I utgangspunktet held vi oss til at det er påstand mot påstand. Før det har kome nokon konklusjon i forhold til det, så kan ikkje vi førehandsdømme folk og la det få konsekvensar.

Vil ikkje kommentere

NRK har i dag vore i kontakt med mannen som er skulda for seksuell trakassering og sjikane. Han vil ikkje la seg intervjue om saka. Tidlegare har han avvist påstandane på det sterkaste. Han har no meld kvinna til politiet etter at påstandane kom fram i media.