Hopp til innhold

– Eg opplevde eit ulideleg sexpress

Tidlegare lokallagsleiar i Frp, Anne-Mari Aalberg (59), fortel for første gong om det som fekk ho til å trekkje seg frå alle politiske verv.

Anne-Mari Aalberg (59) saman med mannen som blir skulda for sextrakkasering

2003: Anne-Mari Aalberg (59) saman med partifella som blir skulda for sextrakkasering. Biletet er teke på Eid Framstegsparti sitt årsmøte i 2003.

Foto: Anna Wuttudal, Fjordabladet

– Eg opplevde eit ulideleg sexpress. Til slutt orka eg ikkje meir, seier 59-åringen til VG.

Historia til kvinna frå Nordfjordeid er slått opp over to sider i dagens papirutgåve av VG. Dette er den tredje sexskandalen i Framstegspartiet den siste tida.

– Han la ikkje skjul på kva han ville

Anne-Mari Aalberg (59)

Anne-Mari Aalberg (59) står fram i VG i dag.

Foto: Anna Wuttudal, Fjordabladet

Aalberg vart i 2006 vald til partileiar i lokallaget i Eid, og vart seinare også nominert til andreplass på kommunevallista.

Etter Birkedal-saka som kom som ei bombe, vel ho å stå fram med historia si.

Ho skal ha blitt utsett for seksuell trakassering og seksuell sjikane frå ein profilert mannleg partikollega i Sogn og Fjordane Framstegsparti.

Aalberg fortel til VG at ho i fleire månader opplevde verbal sextrakassering frå den mannlege partikollegaen.

– Han la ikkje skjul på kva han ville. Det var direkte og utilslørte tilnærmingar, og utruleg ubehageleg, seier ho til VG.

Aalberg fortel til avisa at sextilboda kom nesten kvar einaste gong dei to møttast.

(Artikkelen held fram under biletet)

Faksimile VG 1. april 2011

Faksimile VG 1. april 2011

Foto: Faksimile

Partireglane kan ha blitt brotne

Fylkesleiar Frank Willy Djuvik seier til NRK at saka hamna hos regionkontoret i Ålesund, etter at Aalberg melde ifrå til partisekretæren. Men saka vart ikkje sendt vidare, slik partireglane seier.

Frank Willy Djuvik

LEIAR: Frank Willy Djuvik, som er leiar i fylkespartiet, sit med ei vanskeleg sak i fanget.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Mellom anna har det kome påstandar om at det blei tilbydd politiske posisjonar og verv mot seksuelle gjenytingar som betaling. Det er også påstand om grove enkeltepisodar der kjønnsorgan er omtalt, seier Djuvik til NRK.

VG har vore i kontakt med den tidlegare partisekretæren i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal, men vedkommande vil ikkje la seg intevjue om saka.

Dette er tredje gongen på kort tid at ein tillitsvald i Frp vert skulda for seksuell trakassering og sjikane.

I tillegg til saka om Trond Birkedal er det og kome fram påstandar om at ein tillitsvald i Møre og Romsdal skal ha drive med seksuell sjikane av to 17 år gamle jenter.

Reglane i slike saker som er under opprulling i Eid, er at partiet sine overordna organ skal varslast. Dette blei ikkje gjort, og fylkesleiar Djuvik seier det kan vere i strid med partiet sitt regelverk.

– I utgangspunktet kan det sjå ut til at dette skulle vore gjort. Men eg veit ikkje innhaldet i dei samtalane og kor vidt ho har ønska det eller ikkje, seier Djuvik til NRK.

Vil ikkje kommentere saka

NRK har i dag vore i kontakt med mannen som er skulda for seksuell trakassering og sjikane. Han vil ikkje la seg intervjue om saka.

Tidlegare har han avvist påstandane på det sterkaste. Han har no meld kvinna til politiet etter at påstandane kom fram i media.