Hopp til innhold

Færre barn og unge vil sitte rundt bålet

Ny rapport viser at pandemien har skapt varige problem med rekrutteringa i Frivilligheits-Noreg.

Ein speidar roter i bålpanne med ein pinne.

SPEIDARMØTE: Erick Nsabimbona rotar i bålet med ein pinne. Bak han står Lovise Fauske, Hanne Marie Aven, Kristiane Aven og Karoline Tidemansen-Berg.

Foto: Arne Stubhaug

I skogen med utsikt mot heimbyen Førde er ein gjeng speidarar samla rundt eit knitrande bål.

Ein av dei, Margrethe Fauske, har vore speidar i ni år.

– Det er sosialt og du trenger ingen eigenskapar på førehand. Det er veldig lett å kome seg ut å få litt frisk luft her, seier ho.

Men dei er færre enn før. Speidarrørsla i Førde har, som mange andre barne- og ungdomsorganisasjonar i Noreg, opplevd vanskar etter pandemien.

– Me har opplevd mykje dårlegare rekruttering, særleg frå dei yngste, seier leiar Stig Jonny Fitje.

Speidarleiar kutter frukt til fruktsalat.

Tori Førde Moen, Erick Nsabimbona og speidarleiar Stig Jonny Fitje kuttar opp frukt.

Foto: Arne Stubhaug

Vanskar etter pandemien

Ein ny rapport frå Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU) viser at fleire av deira medlemsorganisasjonar har opplevd medlemstap, vanskar med å rekruttere nye medlemar og få folk til å stille i verv.

– Det er ei ganske dyster kartlegging som viser at barne- og ungdomsorganisasjonar ennå merker etterdønningane av pandemien på kroppen, seier styreleiar i LNU, Margrete Bjørge Katanasho.

På landsbasis talde 4H-rørsla godt over 12.000 medlemer før koronapandemien. I fjor talde den ideelle barne- og ungdomsorganisasjonen 10.698 medlemer.

Fylkesleiar i Sogn og Fjordane 4H, Camilla Nesheim, peikar på at pandemien har fått konsekvensar for det frivillege arbeidet i organisasjonen.

– Folk har gløymt kor kjekt det er å vere i lag og drive med frivillig arbeid. Der har me ein god jobb framfor oss for å få folk med igjen.

Ønsker meir frie midlar

Kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen har lese rapporten om kva konsekvensar pandemien har hatt for barn og unge si lyst til å organisere seg.

– Dette tek me på alvor. Me samarbeider med frivilligheita om å finne varige løysingar og leggje ein stegvis plan for å få deltakinga opp og prisane og utstyrspresset ned, seier ho.

Rapporten viser at fleire organisasjonar ønsker seg meir frie midlar til å gjennomføre aktivitetar for og med barn og ungdom.

Trettebergstuen seier at satsinga på frie midlar allereie er i gang.

Håper på oppgang

Frivilligheitsbarometeret 2022 viste at ein fjerdedel av barn og unge slutta med ein fritidsaktivitet i løpet av pandemien. Berre ein tredjedel av desse starta igjen etter pandemien.

Men det finst håp for framtida.

Generalsekretær Stian Slotterøy Johnsen i Frivillighet Norge seier at trenden er snudd og håper på oppgang i 2023.

Organisasjonen har 350 medlemsorganisasjonar med over 50.000 lokallag i heile landet.

– Eg trur frivilligheita i Noreg er så tett fletta saman med samfunnet at me vil kome tilbake til der me var før pandemien, seier han.

Tilbake i Førde håpar også speidarleiar Stig Jonny Fitje at framtida vil by på betre rekruttering av dei yngste inn i organisasjonen.

– Viss me ikkje får med oss nye, vil det stoppe opp på eit eller anna punkt. Men det er klart, me skal ha det kjekt saman alle me som er her no, fram til då.

Ein gjeng speidarar gjør klart til fruktsalat ute i skogen.

Julia Espedal, Karoline Tidemansen-Berg, Kristiane Aven, Margrethe Fauske og speidarleiar Stig Jonny Fitje lager fruktsalat.

Foto: Arne Stubhaug