Hopp til innhold

Frifunnen for valdtekt etter 499 dagar i fengsel

Ein mann i tjueåra er frikjend for å valdteke kjærasten sin etter å ha vore varetektsfengsla i 499 dagar.

Gulating lagmannsrett i Bergen

SETT FRI: Eit fleirtal av dommarane i Gulating lagmannsrett meiner samleiet mellom mannen og kvinna var frivillig.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Kvinna kan ha meld eit frivillig samleie som valdtekt fordi ho frykta represaliar frå det religiøse miljøet ho vaks opp i, meiner fleirtalet i lagmannsretten.

– Han knakk heilt i hop og grein sine modige tårer over at dette marerittet endeleg er over, seier forsvarar Ivar Hauge.

Mannen blei dømd i Sogn og Fjordane tingrett til fire år i fengsel for valdtekta som skulle ha skjedd hausten 2019. Han nekta skuld og har forklart at samleie skjedde frivillig.

No har eit fleirtal av dommarane i Gulating lagmannsrett kome fram til at han må frifinnast.

– Endeleg fekk han gehør for det han har hevda heile tida at han var uskuldig, seier forsvararen, advokat Ivar Hauge.

Både mannen og kvinna er opphavleg frå eit anna nordeuropeisk land, men begge har budd lenge i Noreg.

Advokat Ivar Eivind Hauge

FORSVARAR: Advokat Ivar Hauge.

Foto: RAGNHILD MYKLEMYR / NRK

Sat 499 dagar i fengsel

Hauge fortel at klienten var frå seg av glede då han fekk avgjerda frå lagmannsretten sist fredag.

Då dommen kom 9. april hadde han vore fengsla 499 dagar i varetekt. Han blei straks lauslaten og har midlertidig flytta tilbake til heimlandet.

Den påståtte valdtekta blei først lagt vekk av statsadvokaten. Seinare bestemte Riksadvokaten at det skulle takast ut tiltale.

Så blei mannen dømd i tingretten, før eit fleirtal av dommarane i Gulating lagmannsrett no fann at mannen ikkje kan dømmast.

Fagdommarane ville dømma

Dommen er avsagt under dissens.

Det er dei fire meddommarane som utgjer fleirtalet som ville frifinna den tiltalte, fordi «det ikke kan ses bort fra muligheten for at tiltaltes forklaring er riktig».

Fleirtalet legg vekt på at mannens forklaring er truverdig og oppriktig, at kvinna framleis ønska å gifte seg med han etter hendinga, samt sende tekstmeldingar om at ho elska han.

Dei to fagdommarane, samt ein meddommar, ville dømma den tiltalte for valdtekt.

Dei legg mellom anna vekt på at mannen endra forklaring om samleiet frå avhøyr til retten.

– Frifinninga er svært skuffande. At mindretalet, som ville dømma, bestod av dei to fagdommarane, har betydning for min klient. Dei meiner hennar forklaring blir underbygga av det øvrige bevisbiletet i saka, seier bistandsadvokat Synne Catrin Øren til NRK.

Strenge moralreglar

I avgjerda frå lagmannsretten kjem det fram at kvinna på grunn av si religiøse overtyding ikkje ville ha sex før ekteskapet.

Men fleirtalet i retten trur den tiltalte i at ho trass i dette ønskte å ha samleie med han.

Dei har også lagt vekt på forklaringa om at den fornærma kvinna ønskte å bryte med trussamfunnet ho var vaksen opp i.

Eit trussamfunn som praktiserer streng moral og der det å bryte med moralske reglar kan føre til utestenging.

– Kan ha blitt pressa

Fleirtalet meiner at fornærma som følgje av si religiøse overtyding, kan ha fått dårleg samvit som følgje av at ho hadde hatt samleie med tiltalte.

Ho kan også ha blitt pressa av familiemedlemer, meiner lagmannsretten.

– Det kan ha ført til at ho med urett hevda at han hadde valdteke ho, står det i avgjerda frå fleirtalet i Gulating.

Bistandsadvokaten opplyser til NRK at kvinna sjølv har brote med trussamfunnet.

Avgjort

Statsadvokat Ellen Cathrine Greve, som førte saka i lagmannsretten, har ikkje vore tilgjengeleg for kommentar.

Skuldspørsmålet er no avgjort og berre eventuelle sakshandsamingsfeil kan føre til at saka hamnar i Høgsterett.