Hopp til innhold

Fri flyt i Åsane, men lange køar

Det er no fri flyt på E39 Åsaneveien i nordgående retning ved Ikea og Gullgruven i Bergen. Tre bilar var involverte i ein kollisjon på eit påkøyringsfelt, noko som har skapt lange køar i fredagsrushen. Vegtrafikksentralen opplyser at det er betring i sikte like før 17.30.