Fredar Hyllestad og Aurland

Tannklinikkane i Hyllestad og Aurland blir ikkje lagde ned likevel. Fungerande tannhelsedirektør Clara Øberg fortalte finansutvalet i dag at ho trekkjer tilbake forslaget om å leggje ned desse to. Årsaka var at dei ikkje skulle bli lagde ned før i 2020. Då skal kommunane sjølve overta tannhelseansvaret. Fylkespolitikarane skal i dag handsame hennar forslag om å leggje ned 11 klinikkar for å spare 11 millionar kroner.

Clara Øberg med finansutvalet
Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK