Hopp til innhold

Franske Caïs (18) berga etter fleire døgn på fjellhylle

SOGNDAL (NRK): I tre dagar sto franske Caïs Chevrillot (18) fast på ein bergknaus i Nærøyfjorden. Kajakken var borte og han kom seg ingen stad.

FRANSK:

STO FAST: Høye bølger gjorde at Caïs Chevrillot (18) måtte avbryte kajakkturen i Aurland. Han mista kajakken og sto fast på ein bergknaus i to dagar.

Foto: Sondre Dalaker

– Eg er heldig, seier Caïs Chevrillot.

Etter fleire dramatiske døgn på ei fjellhylle i Aurland, er han trygt tilbake ved busstasjonen i Sogndal.

Det kunne enda annleis.

I snart éin månad har 18-åringen vore på rundreise i Noreg. Denne veka bestemte han seg for å sjå Nærøyfjorden frå sin grøne kajakk.

Onsdag morgon drog han frå Gudvangen i Aurland. Tanken var å flyte utover fjorden i eit par timar, og ende opp i Flåm.

Så langt kom han ikkje.

– Det var så høge bølger. Kajakken blei fylt med vann og tinga mine blei våte. Eg bestemte meg for å gå i land og vente eit par timar.

Cäis

TUR: 18 år gamle Caïs Chevrillot frå Frankrike har vore på rundreise i Noreg i 25 dagar. På onsdag bestemte han for å sjå Nærøyfjorden frå kajakk.

Foto: Privat

Utan mat og drikke

Da sjøen ikkje roa seg, valde han å overnatte på ein bergknaus. Han hadde med seg ein tynn sovepose, og tente bål for å halde varmen.

Då han vakna, var kajakken borte.

I løpet av natta gjekk òg telefonen hans tom for straum. Han fekk difor ikkje varsla nokon om at han var i naud.

18-åringen blei sitjande fast på fjellknausen i tre dagar og to netter.

– Eg hadde ikkje mat eller drikke, berre ei pakke med Pringles. Eg åt ingenting på to dagar, seier han.

Etter kvart klarte han å skru ut PC-batteriet og kople på telefonladaren, slik at han fekk lada telefonen og ringt foreldra etter hjelp.

Han var redd for å døy, og blei tvungen til å prøve seg fram.

– Det er difor eg lever, seier han.

reddet

REDDA: Caïs blei funnet ved Beitelen, eit av dei mest aude områda langs fjorden.

Foto: Privat

Fant posisjon

Først fredag kveld blei dei norske naudetatane varsla om den sakna kajakkpadlaren.

– Det hadde kome ei melding frå nokre franske foreldre, som var i Frankrike. Dei var uroa for sonen som var på padling i Noreg, seier redningsleiar Eirik Walle ved Hovudredningssentralen i Sør-Noreg.

Foreldra kunne sjå sonens siste posisjon. Denne blei brukt for å finne ham.

– Ved hjelp av etterretning og mobilteknologi så fann vi at mobilen var oppe i nettet. Etter kvart lykkast vi i å komme i kontakt med han.

Laster Twitter-innhold

Dårleg sikt

Leiar Vidar Trettenes i Sogn brann og redning fortel at dei blei sendt ut for å leite etter mannen.

– HRS hadde eit dekningsområde for ein mogleg mobiltelefon i dette området. Dette kartet fekk vi tilsendt, og vi fann han i området som er ved Beitelen, i krysset mellom Aurlandsfjorden og Nærøyfjorden.

Då redningsmannskap nærma seg dette området såg dei eit lys. Dei køyrde då dit med båten og fann franskmannen.

– Det var mørkt og dårleg sikt, men vi fann han på grunn av lyset han hadde. Han hadde ikkje mat og drikke, men han skal ha vore bra kledd. Han fekk også ein varmekjeledress som vi hadde i båten.

Trettenes seier at mannen blei funnen i eit av dei mest aude områda langs fjorden.

– Det er dårleg dekning i området, og det er klart at han hadde fått trøbbel om han ikkje klarte å påkalle merksemd frå båttrafikk eller på anna vis.

Kunne mista livet

– Eg blei så glad då eg så dei. Hadde eg blitt lenger, hadde eg vore død, seier Caïs.

Etter redningsaksjonen vart han innlosjert på hotell i Sogndal, og fekk servert mat.

Trass ei skremmande oppleving, kjem han til å fortsette rundreisa i Noreg. 18-åringen utelukkar ikkje fleire kajakkturer.

– No har eg ikkje lenger kajakk, men dersom eg får låne ein, så kanskje, ler han.

Frnsk

FORTSETT: : Caïs Chevrillot har besøkt Oslo, Tromsø og Bergen. Trass ein skremmande oppleving, held fram han rundreisa i Noreg.

Foto: Sondre Dalaker