Hopp til innhold

Framstegspartiet får ordføraren på Stord

Sigbjørn Framnes (Frp) blir ny ordførar i Stord kommune, det stadfestar han til NRK. Søndag kveld vart Frp, Høgre, Venstre og KrF samde om ei samarbeidsavtale dei neste fire åra. I avtalen er dei mellom anna samde om at det skal byggast ein ny sjukeheim i Sagvåg i perioden.

Det var Arbeiderpartiet som fekk flest stemmer i kommunen med 27,2%. Høgre fekk 20%, Frp 19,5%, KrF 5,9% og Venstre 3,9%.