- Eg er glad for at svaret frå direktoratet er klargjerande, slik at vi no kan arbeide vidare med den praktiske utforminga av turnustenesta og den nye organiseringa av Helse Førde, seier Bolstad.
Avgjerande
Turnustenesta til legane har vore avgjerande for akuttberedskapen ved lokalsjukehusa her i fylket. Etter at Helse Førde endra funksjonar ved sjukehusa stetta ikkje sjukehusa krava til turnustenestene, og helseføretaket måtte be direktoratet om hjelp. Og no har Sosial- og helsedirektoratet lempa på krava, og gjer unntak frå forskrifta.
Rekrutteringsvanskar
Fylkesmannen, som har hatt saka til vurdering før den gjekk til direktoratet, har berre sett på det faglege innhaldet i tenesta. Han ser at det ligg utfordringar i høve til avtaleverket og seier at det kan ha ei negativ effekt på rekrutteringa.
- Dette kan føre til at ein må dele turnustenesta i større grad enn tidlegare, og det er ingen fordel for dei som skal utføre tenesta. Så då blir utfordringa å gjere kvaliteten på tenesta så god at det gjer det attraktivt å ha turnusteneste i Sogn og Fjordane, seier Bolstad. Han har tru på at det blir ei spanande turnusteneste som Helse Førde kan tilby.
Nybrottsarbeid
Avgjerda frå sentrale styremakter har teke langt tid, og når svaret no endeleg ligg på bordet, kan det gje ein standard for helseføretak elles i landet.
- Dei problema som turnustenesta i Sogn og Fjordane har møtt, vil og vere gyldige for andre fylke. Det vi driv med her er nybrotsarbeid, seier Bolstad.