Hopp til innhold

Frå kulderekord til våryr: – Dette er heilt topp!

Februar månad gav både sprengkulde og mildvêr. I vekene framover kan du droppe vottar og skjerf.

Søstrene Lavenia (t.v) og Gyda Strandberg.

Søstrene Lavenia (t.v.) og Gyda Strandberg er glad for at været er fint nå som Kristiansand stenger ned.

Foto: Heidi Ditlefsen / NRK

– Det er herleg å endeleg ta litt kald drikke i staden for varm, seier Lavenia Strandberg.

Dei to første vekene av februar månad var prega av blå temperaturar og kulderekordar fleire stader. Men aller mest uvanleg var dei store kontrastane mellom lågaste og høgaste temperatur i same månad.

– Leirflaten i Sel kommune hadde 46 grader forskjell mellom lågaste temperatur, som var -38,5, og varmaste som var 8 grader, fortel klimaforskar Jostein Mamen.

Stasjonane på kysten har hatt mindre forskjellar enn stasjonane i innlandet. I Bergen var det 23 grader forskjell mellom den varmaste og kaldaste dagen.

– Florida i Bergen har aldri hatt ein februar månad med så stor forskjell på høgaste og lågaste temperatur. 11,6 var høgaste og minus 11,6 som lågaste temperatur, seier han.

– Vi har sett både veldig kald vinter og varm vinter i same månad. Det er uvanleg, seier opplyser klimaforskar Hanne Heiberg ved Meteorologisk institutt.

Snøklokker

FRÅ KVITT TIL KVITT: Då snøen forsvann på Kyrkjebø dukka desse snøklokkene opp.

Foto: Magne Sagerøy

Sikre vårteikn

Magne Sagerøy bur på Kyrkjebø i Sogn. Utanfor huset hans har snøklokkene dukka opp i takt med mildvêret sin anmarsj. No byrjar også påskeliljene å stikke fram i hagen hans. Det meiner han å ha ei god forklaring på.

– Her har vi sol i åtte timar om dagen. Eg plantar blomane att med muren og då får dei meir varme, fortel Sagerøy.

Påskeliljer i frammarsj

TRE VEKER ATT: Magne Sagerøy trur påskeliljene i hagen vil stikke fram før høgtida med same namn.

Foto: Magne Sagerøy

Set pris på plussgrader

I Kristiansand sentrum nyt søstrene Gyda og Lavenia Strandberg vårstemninga.

– Det er herleg å endeleg ta litt kald drikke i staden for varm. Dette er heilt topp, seier Lavenia.

Søstrene tok ein luftetur i sola før jobb med kvar sin smoothie i handa.

Mange kunne nok tenkt seg ein utepils, men pandemien sørgar for at uteserveringa er stengt. Kristiansand er no ein av byane der smitten aukar mest. Fleire strenge tiltak er innført.

– Eit sånt vêr hjelper veldig. Vi må berre nyte sola så godt vi kan, seier Gyda.

På ein benk på bystranda sit venninnene Siri Seilen og Beate Stokke. Sistnemnde har på seg både vintersko og dunjakke. Overgangen til det varme vêret gjekk altfor fort.

– Siri skal vere glad for at eg ikkje kom i ull òg, seier Beate og ler.

Siri Seilen (t.v.) og Beate Stokke nyter sola på Bystranda.

Siri Seilen (t.v.) og Beate Stokke nyt formiddagen på ein benk på Bystranda i Kristiansand.

Foto: Heidi Ditlefsen / NRK