Hopp til innhold

«Hoppemannen» prøver å bestikka barn på Fortnite for å møta dei

Politiet åtvarar mot brukaren «Hoppemannen» på spelet Fortnite. Mannen bak brukarnamnet skal ha tatt kontakt med fleire barn i bergensområdet.

Fortnite illustrasjon

PROBLEM: Ein person bruker Fortnite til å prøva å møta barn. Politiet oppmodar foreldre om å vera nysgjerrige og interesserte i aktiviteten barna har på internett.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Han bygger ein relasjon til barna inne i spelet og ønsker så å møta dei fysisk, fortel politiadvokat Trine Frantzen.

Politiet starta etterforsking av saka tidleg denne veka etter å ha fått inn meldingar frå bekymra foreldre.

Brukaren ønsker at barna fysisk og bokstaveleg talt skal hoppa på han. I gjengjeld tilbyr han barna virtuelle, ikkje-eksisterande pengar (Vbucks), utsjånadar (skins), og energidrikk.

Sidan år 2000?

Politiet vil ikkje stadfesta om dette er den same «Hoppemannen» som NRK omtalte i 2012.

Då var det ein nordlending i slutten av 20-åra som hadde kontakta barn og unge i byar over heile landet. Sidan byrjinga av 2000-talet skulle han ha betalt unge gutar for å hoppa på magen hans, slå eller sparka han.

Han forklarte at han gjorde dette for å testa og utvikla sin eigen smerteterskel, og at det ikkje låg noko seksuelt i det.

Ber barna halda det hemmeleg

«Hoppemannen» på Fortnite skal ha vore i kontakt med fleire barn frå Bønes og Loddefjord i Bergen.

Brukaren har vore opptatt av at barna ikkje skal fortelja vidare om kontakten til andre vaksne. Om han høyrer at det er andre til stades i rommet der barna er, loggar han seg av spelet.

Fleire åtvarar no om brukarkontoen på sosiale medium.

Oppsøker barn på Fortnite

ALVORLEG: Politiadvokat Trine Frantzen (t.v.) og Rune Fimreite frå Vest politidistrikt ser alvorleg på saka.

Foto: Ida Yasin Andersen / nrk

Frantzen vil ikkje svara på om det er nokon av barna som har møtt «Hoppemannen» fysisk.

– Me er veldig tidleg i etterforskinga så me kan ikkje svara konkret på kva opplysingar me ser nærare på. Men om det har skjedd fysiske møte eller ikkje, er nettopp noko av det me vil avdekka.

Ingen er sikta i saka endå, ifølge Frantzen.

Problem i heile landet

– Me ser på landsbasis at det er eit problem at vaksne menneske utnyttar dei sosiale media til å oppnå kontakt med barn. Dei gir seg ofte ut for å vera yngre enn dei er, for å bli kjent med barna på internett, seier Frantzen.

Spel som Fortnite og Moviestarplanet er vanlege arenaer som uvedkommande oppsøker barn på, fortel fagleiar Rune Fimreite i Nettpatruljen til Vest politidistrikt.

– Personen prøver deretter ofte å få dei over på andre kanalar, som til dømes Snapchat der ein kan ha meir ein-til-ein-kommunikasjon, seier Fimreite.

Han oppmodar foreldre til å snakka med ungane sine om det å vera bevisste rundt kven dei er ven med på dei ulike sosiale media.

– Personen bak brukarnamnet kan vera nokon ein ikkje kjenner. Foreldra bør spørje ungane sine: «Kven er desse personane du spelar med?»

Fimreite seier det varierer korleis barn taklar slike situasjonar. Men nettpatruljen har sett at nokre barn varslar når dei ser noko ulovleg, til dømes om dei får tilbod om pengar eller liknande for å yta noko tilbake.

– Då er det nokre barn som skriv at «dette har du ikkje lov til», og blokkerer vedkommande.