Hopp til innhold

Første Ap-ordførar i Eidfjord på 32 år

Timo Knoch frå Arbeidarpartiet blir ny ordførar i Eidfjord. Kari Lærgreid frå Senterpartiet blir varaordførar, skriv avisa Hordaland. Ap gjekk litt ned, men fekk ein oppslutnad på 30,98 prosent i valet. Høgre hadde mest framgang, og blei nest størst med 27,9 prosent. Ap har ikkje hatt ordføraren i kommunen sidan 1991. Knock tek over etter Anders Vatle (Sp).