Årsaka er at eit forsoningsmøte mellom partilaga i Sogn der dei skulle kome fram til ein felles kandidat til å stå bak Reidar Sandal på lista, skar seg fullstendig.
Amatørmessig
Fem av ni partilag let vere å møte opp, noko lærdalsordførar Knut O. Aarethun karakteriserer som amatørmessig.
– Dei som ikkje møtte gav ikkje eingong beskjed, sukkar AP-veteranen.
Med Clara Øberg ute av dansen er Marta Finden Hallset, Vik, og Ingrid Heggø, Høyanger, åleine att i kampen om plassen bak Reidar Sandal på Sogn og Fjordane arbeidarparti si liste til Stortingsvalet.