Hopp til innhold

Studentane i Bergen og Oslo boikottar Borten Moe

No vil verken studentane i Bergen eller i Oslo ha besøk av ministeren sin. Dei har erklært at han er uønskt ved to av dei største universiteta i Noreg.

Moe

UØNSKT: Forskings og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe (Sp).

Foto: Torstein Bøe / Torstein Bøe

I ettermiddag vedtok studentpolitikarane ved Universitetet i Bergen å erklæra Ola Borten Moe «persona non grata».

Det betyr at dei meiner han er uønskt ved UiB og ikkje eigna til å vera forskings- og høgare utdanningsminister.

Då studentane ved Universitetet i Oslo gjorde same vedtak i førre veke, kalla Borten Moe det for «ei pubertal utrykksform».

– Me kan ikkje ha ein minister som kallar oss «pubertale» når me tek opp sakleg kritikk på åtferda hans. Me har fått nok.

Det seier Aksel Haukom, leiar av Studentparlamentet ved Universitetet i Bergen.

Han meiner at statsråden ikkje har vist interesse for verken studentane eller høgare utdanningssektoren.

Aksel Haukom

Leiar i Studentparlamentet i Bergen, Aksel Haukom.

Foto: Henriette F. Thorkildsen

Solidaritet med oslostudentane

Torsdag i førre veke melde Studentparlamentet ved Universitetet i Oslo at ministeren er uønskt.

– Det er vanskelege tider for studentar med ein trong økonomi. Studentar opplever at dei ikkje blir prioriterte, og me tenkjer at denne resolusjonen er eit uttrykk for denne frustrasjonen, sa leiar av Studetnparlamentet ved UiO, Oline Sæther til Universitas då.

Borten Moe uttalte då at han meinte erklæringa var feil veg å gå.

– Eg ønskjer sjølvsagt å ha god dialog også med studentane i Oslo, og tenkte å invitera meg sjølv til neste møte i Studentparlamentet, sa han då.

Likevel er bergensstudentane inspirerte av hovudstaden.

– Dette er ein solidarisk handling. Studentane i Oslo skal ikkje stå åleine om å innføra noko slikt mot ein veldig upopulær statsråd, seier Haukom.

Før vedtaket frå Bergen i dag, møtte Borten Moe studentane på Dagsnytt 18. Der sa han at han meiner det er feil at dei ikkje gjer noko for studentane.

– Det at ein nektar å snakka med kvarandre er heldigvis noko som fram til no har vore eit framand element i det norske ordskifte. Me har kultur for å møtast.

Han trekte fram at det å nekta å snakka saman er å importera ein fenomen frå USA.

– Det meiner eg me bør halda oss langt unna i norsk samfunnsdebatt generelt, og spesielt i akademia.

Vil ikkje ha ministeren på besøk

Sjølv om eit overveldande fleirtal stemte for erklæringa ved UiB, var det ikkje eit samrøystes vedtak. Av 30 stemmer var 10 mot og ein avhalden.

Ei av motstemmene kom frå June Trengereid Gruer. Ho er sterkt kritisk til vedtaket.

– Dette bryt med eit viktig prinsipp i Noreg om at me snakkar med kvarandre, også når me er ueinige. Det er trist at me har så lite tiltru til demokratiet.

bilde av June trengereid gruer

June Trengereid Gruer på Sosialdemokratisk liste stemde mot erklæringa og er svært kritisk.

Foto: Sandra Tenud/Privat

Sjølv står ho på «Sosialdemokratisk liste». Saman med «Moderat liste» peikar ho på at det no vil vera vanskelegare for studentane å bli høyrde.

– Me meiner det viktigaste er at me imøtegår og inviterer til oss.

Leiar Haukom er ikkje einig.

– I dette tilfellet ønskjer ikkje studentane ved UiB at me går inn i diskusjonar med statsråden. Me er leie, og no sender me eit signal om at noko må gjerast. Anten i regjeringa eller med ministeren sjølv.

Om ministeren kjem til UiB, så ønskjer de altså ikkje å snakka med han?

– Det stemmer. Då må me finna andre arenaer.