Hopp til innhold

Forskar: Kommunane sine ungdomsfrieri kan gje motsett effekt

VÅGSØY (NRK): Distriktskommunar er ivrige etter å lokke ungdomen heim. Men forskar trur frieria kan setje kommunane i eit dårleg lys og gje stikk motsett effekt.

Heim i haust

VIL INSPIRERE DEI UNGE: Arrangementet Heim i haust på Raudeberg i Vågsøy skal formidle til 10.-klassingar kva karrieremoglegheiter dei har på heimstaden. Legestudent Erika Teige fortel om kva moglegheiter heimstaden har gitt henne.

– Når du reklamerer etter innbyggjarar, fortel du samtidig ei historie om at vi søkk. At vi må gjere alt dette for å få folk heim. Det er ikkje noko positivt signal, folk vil ikkje bu på ein stad som er på veg ned, seier forskar Gro Marit Grimsrud ved Norwegian Research Centre.

På ellevte året skal arrangementet «Heim i haust i Vågsøy» lokke til seg den attraktive ungdomsgruppa. Karrieremoglegheiter innan helsevesen, fiskeri og gründerverksemd skal freiste 10.-klassingar til ei framtid i heimkommunen.

Medisinstudent Erika Teige er ein av dei som held innlegg.

– Målet mitt er å bidra til at folk skal velje helsevegen. Noreg og kommunane treng helsefagarbeidarar og sjukepleiarar for å overleve. Eg vil òg bidra til at folk flyttar hit, seier ho.

Går nedover

Vågsøy er ein av mange distriktskommunar som treng å lukkast.

Ifølgje befolkingsframskrivingane til Statistisk sentralbyrå ligg kystkommunen an til ein befolkningsnedgang på 3,3 prosent fram mot 2040. På vegen ned får dei selskap av 40 prosent av norske kommunar.

Gro Marit Grimsrud

KAN GI MOTSETT EFFEKT: Forskar Gro Marit Grimsrud ved NORCE seier det er vanskeleg å måle effekten av tilflyttararrangement, men fryktar effekten kan bli den motsette av dei ein ønskjer.

Foto: Odd Iversen / NRK

Ei fersk meiningsmåling viser dessutan at fire av ti unge som bur utanfor Sogn og Fjordane, ikkje ser føre seg at dei er heimflytta innan fem år.

Vågsøy vil snu trenden. Men Grimsrud trur ikkje slike kampanjar nødvendigvis fungerer.

– Det kan verke motsett, men det er vanskeleg å måle kva effekt det har. Men ein kan spørje seg kva inntrykk det skapar av bygde-Noreg.

Forskaren meiner kommunane bør gjere seg attraktive til dømes ved å syte for bustader og arbeidsplassar.

Har mista ein generasjon

– Dei siste tjue åra har det flytta ut over 500 vågsøyværingar. Vi har mista ein heil generasjon av unge. Slik kan vi ikkje ha det.

Det seier Edvard Iversen i Aktiv Raudeberg, som arrangerer konferansen. Han trur ikkje «Heim i haust» verkar mot si hensikt.

Edvard Iversen, Aktiv Raudeberg

TRUR PÅ EFFEKT: Edvard Iversen i Aktiv Raudeberg seier dei har sett effekt av arrangementa sine. – Vi har firma som har etablert seg her som eit direkte resultat. Det har vorte fleire arbeidsplassar av. Når det gjeld ungdommane, er det litt vanskeleg å måle, seier han, men fortel at dei vil følge opp med statistikk framover.

Foto: Ole Heilevang / NRK

– Eg trur heller det har vore mangel på informasjon. Når vi har snakka med bedriftsleiarar har dei nok med seg sjølv, dei greier ikkje kome ut informasjonen.

Han seier dei har sett direkte resultat av konferansen.

Heller ikkje Erika Teige er redd for at Vågsøy skal bli oppfatta som ein problemkommune. Men ho har meiningar om korleis ein bør lokke unge heim.

– Folk må ikkje bli pressa til å kome tilbake. Dei må vite om moglegheitene og sjå det positive ved å kome tilbake. Eg trur folk har godt av å flytte vekk litt, og så kome tilbake med gode idear. Det er slik ein utviklar seg.