Forskar håpar på «pakke» til streikande lærarar
– Det blir ikkje semje i lærarstreiken, trur arbeidslivskonfliktforskar Isak Lekve ved UiS i Utdanningsnytt. Men han meiner regjeringa kan løyse konflikten med ein «pakke» for gradvis opptrapping av løn. – Tvungen lønsnemnd vil derimot berre utsette konflikten og gjera lærarane endå sintare før neste oppgjer.