Hopp til innhold

Formannskapsmedlem lak informasjon

Eit formannskapsmedlem i Vågsøy har leke informasjon frå eit lukka møte om usemje med Tande P, til TV-kjendisen sin advokat.

Ordførar Roger B. Silden i Vågsøy

Ordførar i Vågsøy, Roger B. Silden.

Foto: Håkon Eltvik / NRK

Ordførar Roger B. Silden orienterte formannskapet på eit ekstraordinært møte fredag ettermiddag.

- Eg ser svært alvorleg dette. Eg må kunne stole på at når vi diskuterer saker i lukka møte, så er det lukka. Elles er det heilt håplaust å føre forhandlingar i ein kommune, seier Roger B. Silden.

Hadde kontakt med motparten

Vågsøy kommune og Alf Tande Petersen gjekk i går inne eit forlik i den mykje omtala usemja kring DVD-produksjonen etter skutefesten Tall Ships Races . Onsdag hadde formannskapet i Vågsøy eit lukka møte om saka. No viser det seg at eit formannskapsmedlem gav informasjon frå dette møtet til advokaten til Tande P, Thomas Rukin.

- Diverre har det vore ei lekkasje frå det møtet. Ein av representantane har hatt kontakt med motparten i dei forhandlingane, seier Silden.

- Ubehageleg for alle

Silden vil ikkje kommentere saka med Tande P, men seier seg utruleg lei for denne utviklinga. Det er førebels uvisst kven som står bak lekkasjen.

- Dette er ei ubehageleg sak for alle medlemer i formannskapet. Dei vil gå og kjenne på det og dei andre representantane blir mistenkeleggjort. Det er det ikkje verd. Dette er så forferdeleg synd, seier han.

Vart politimeld

I 2007 var det ei liknande sak i Bremanger, då avisa Fjordenes Tidende fekk tilgang til eit hemmeleg dokument . Denne saka vart meld til politiet . Silden vil ikkje spekulere i om det skjer i lekkasje-saka i Vågsøy.

- Eg vil tenke over denne saka i helga og slik eg ser det i dag, vil eg gjerne snakke med fylkesmannen og hans folk som kan juss. Det vil eg ta endeleg stilling til på måndag, seier han.

Stadfestar kontakt

Advokaten til Tande P, Thomas Rukin, stadfestar ovanfor NRK at han har fått munnleg oppsummering frå møtet onsdag. Han vil derimot ikkje seie kva informasjon han har fått, kven som gav den eller kva betydning informasjonen har hatt for dei.

- Det kan eg ikkje gjere med omsyn til forliket, seier han. Rukin seier at han ikkje kjende til at møtet onsdag var lukka.