Mistillit mot rådmannen i Bremanger

Det er på nytt bråk rundt rådmann Tor-Kristian Gulhaugen i Bremanger.

Leiar i kontrollutvalet i Bremanger, Audun Åge Røys (t.h.) og rådmann Tor-Kristian Gulhaugen.

Leiar i kontrollutvalet i Bremanger, Audun Åge Røys (t.h.) er kritisk til korleis rådmann Tor-Kristian Gulhaugen (t.v.) styrer kommunen på.

Foto: Åge Senneset

Ifølgje eit hemmeleg dokument krev kontrollutvalet at kommunestyret tek affære.

I eit møtedokument som Fjordenes Tidende har fått tilgang til kjem det fram det som ifylgje avisa ikkje kan tolkast som noko anna enn mistillit mot Bremanger sin rådmann Tor-Kristian Gulhaugen.

Sterk kritikk

I dokumentet krev kontrollutvalet at kommunestyret tek affære og vurderer kunnskapen til leiinga. Dersom den ikkje tilfredstiller krava vil kontrollutvalet at det blir gjort endringar i administrasjonen.

Kommunestyret i Bremanger må i eit møte komande tysdag ta stilling til kravet.

Kontrollutvalet kjem i brevet med sterk kritikk mot administrasjonen når det gjeld personalbehandling og sakshandsaminga i kommunen.

Mykje støy rundt rådmannen

I fylgje Fjordenes Tidende står det i dokumentet at administrasjonen gjentekne gonger tek feil når det gjeld handtering av personalsaker.

Det siste året har det vore mykje støy kring rådmannenen i Bremanger. Mellom anna har ein tilsett gått til rettssak mot kommunen. Og i vår omgjorde fylkesmannen eit vedtak der ordføraren løyvde 35.000 kroner til restaurering av eit eldre hus som Gulhaugen eigde.

Fortørna over lekkasjen

Gulhaugen vil ikkje kommentere saka i dag og seier han ikkje vil legge seg opp i politikarane sine vurderingar.

Heller ikkje ordførar Kåre Olav Svarstad vil kommentere saka, men seier til NRK at han er fortørna over lekkasjen. Ved eit liknande høve tidlegare har han sagt at han vil vurdere å politimelde at dokument kjem på avvege. Men kva han vil gjere denne gongen har han ikkje bestemt seg for.