Hopp til innhold

Føreslår bussløysing til Ulltang

Fylkesadministrasjonen vil ikkje tilrå bybuss til Ulltang utanfor Førde i Sunnfjord, men vil styrke buss­tilbodet forbi. Det skriv Firda. Innbyggjarane får ikkje ta seg dei få kilometerane til Førde, verken til fots eller på sykle. Årsaka er at gang­vegen vart stengd av ras og rasfare i 2021. Sidan har kommunen og fylkes­kommunen ikkje blir samde om kven som har ansvaret med å rydde og sikre vegen for dei mjuke trafikantane.