– Saka er påklaga til Statsadvokaten, seier politiadvokat Inger Beth Fosse.
Det var i fjor sommar foreldreparet politimelde både Vågsøy kommune og rektoren ved ein barneskule for mobbing. Dei meiner kommunen har brote opplæringslova, og ikkje gjort nok og ikkje gjort nok for å hindre at sonen deira vart mobba.
- Les også: Har etterforska mobbesak i fire månader
- Les også:
Etter eit omfattande arbeid med gjennomgang av dokumentasjon og avhøyr, var politiet i Vågsøy ferdige med etterforskinga i mars i år.
Når foreldra no har klaga på politiet si avgjerd om å leggje vekk saka, er det opp til Statsadvokaten i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane å avgjere kva som skjer vidare.
– Statsadvokaten kan enten stå ved vår avgjerd om å leggje vekk saka, gje ordre om ytterlegare etterforsking, eller gje ordre om tiltale, seier Fosse.
- Les også: Vedtar mobbebot på 100 000 kroner