Hopp til innhold

Har etterforska mobbesak i fire månadar

Politiet i Vågsøy har sidan juni etterforska saka der eit foreldrepar har politimeldt Vågsøy kommune for å ha brote opplæringslova. Foreldra meiner kommunen ikkje har gjort nok for ungen deira, som skal ha vorte mobba i fleire år.

Lensmann i Vågsøy Tormod Hvattum

NESTEN FERDIG: Regionlensmann i Vågsøy, Tormod Hvattum, stadfestar at etterforskinga i mobbesaka nærmar seg slutten.

Foto: Hildegunn Løken Holtan / Fjordenes Tidende

– Vågsøy kommune er politimelde fordi foreldra til eleven meiner at kommunen ikkje har gjort og sett inn dei tiltaka som opplæringslova krev for å hindre mobbing, seier regionlensmann i Nordfjord, Tormod Hvattum.

Det var i juni i år at eit foreldrepar politimelde kommunen. Dei har ein elev ved ein barneskule i ytre Nordfjord, og meiner barnet deira har vorte mobba på skulen over fleire år utan at skulen har gjort nok for å rydde opp.

Har lagt ned omfattande arbeid

Lensmannen stadfestar at politiet har jobba med saka sidan politimeldinga kom, og at ein har lagt ned store ressursar på å komme til botnar i saka.

– Vi har lagt ned eit relativt omfattande arbeid for å få avhøyrt sentrale personar på den aktuelle skulen og i kommuneleiinga, seier Hvattum.

Politiet er no i sluttfasen av etterforskinga.

– Vi reknar med at vi i løpet av eit par veker er ferdige med etterforskinga, seier Hvattum.

Saka vert då send over til ein politijurist som vil vurdere kva som skal skje med saka vidare.

Har vore tidkrevjande

Det er, ifølgje Hvattum, første gong ein har ei slik sak i hans distrikt.

– For dei som har etterforska så har dei nok opplevd at det har vore interessant. Dei har måtte setje seg inn i ei lov som vi har vore lite borti tidlegare og har lagt opp etterforskinga etter det. Det har vore tidkrevjande, men interessant, seier Hvattum.

Han vil ikkje seie at det er vanskeleg for politiet å jobbe med denne type saker.

– Men det er kanskje litt meir tidkrevjande enn dei andre sakene som vi har. Men ikkje nødvendigvis vanskeleg, seier Hvattum.

Vart dømd til mobbebot

Høyanger kommune fekk i mai i år ei bot på 100.000 kroner fordi kommunen ikkje gjorde nok for å hindre mobbing ved Høyanger skule.

Høyanger kommune vedtok bota, og er den første kommunen i landet som har fått bot for å ikkje gripe inni ei sak der dei visste om mobbing.

Ein gut skal ha vorte halden under vatn i symjehallen til han mista pusten, samt at han fekk hovudet dunka mot ein murvegg. I tillegg gjekk ein medelev til angrep på guten med kniv i skuletida.