Hopp til innhold

Førde vil ha islandsk stoppar

Tornado Måløy ser ut til å misse sin kaptein og viktigaste spelar i 2009-sesongen.

Elmar Dan Sightorsson har nett scora for TMFK mot Molde i cupen.

Elmar Dan Sightorsson har prøvespelt for Hødd, og er ynskt i Førde.

Foto: Stig Høynes

Midtstopparen var nyleg på prøvespel i 2. divisjonsklubben Hødd på Sunnmøre. I helga fekk han kontraktstilbod frå ein annan 2. divisjonsklubb, Førde.

- Det er vel ingen tvil om at dette er ein spelar vi veldig gjerne vil ha med når vi om fem månadar skal spele i 2. divisjon, seier Odd H. Hagen i Førde Fotball til avisa Firda.

Slepp prøvespel

27-åringen er av mange skildra som ei av hovudårsakene til at vågsøyværingane gav Førde kamp til døra om KM-tittelen . I motsetnad til Mads Wie (Sandane), Christer Husa (Florø) og Tommy Løkkebø (Åndalsnes), slepp Sightorsson å prøvespele.

- Vi veit kva han står for, seier Hagen til avisa.

Vil til Førde

Islendingen har ifølgje avisa eitt år att av kontrakten med Tornado Måløy. Om ei vekes tid skal han i nye forhandlingar med 3. divisjonsklubben. Sjølv seier han at han sportsleg har mest lyst til å spele i 2. divisjon med Førde.

- Og det hadde vore moro å få spele med Steinar igjen, seier han til avisa. Steinar Tenden og Sightorsson spelte i eitt år saman i islandske Akureryri.