Hopp til innhold

Førde stod ikkje distansen

Sogndal avgjorde cupkampen mot Førde i andre omgang. Førde tok leiinga, men Sogndal sett inn litt tyngre skyts etter kvilen, og det var nok til å vinna 3-2 der Even Hovland si stupheading avgjorde til slutt.

Men de var lite som tyda på at det var divisjonsskilnad på laga den første halvtimen då Førde med aggressivt og oppofrande spel sette Sogndal på fleire ubehagelege prøvar.

Trioen Sander Solvik, Thor Erik Nygård og Ruben Holsæter gjorde livet surt for Lars Grorud og Co. Med fart, driv og teknikk på høgt plan skapte dei trøbbel for Sogndal gang på gang.

(Artikkelen held fram under høgdepunkta)

Video Førde - Sogndal

SJÅ: Scoringane i cupoppgjeret mellom Førde og Sogndal.

Førdeleiing

Det var lite å seia på at Førde tok leiinga då Holsæter slo inn frå kanten. Ballen datt ned i feltet der sogndalkeeper Bendik rota det til i duell med Sander Solvik. Dermed spratt ballen i ein boge inn til førdeleiing.

- Me var gode i denne perioden då me pressa Sogndal høgt og fekk til nokre kjappe og farlege overgangar. Med litt tur kunne me faktisk scora eit mål til og gjort den endå vanskelegare for storfavoritten. Alt i alt kan me vera nøgd med innsatsen i dag, meiner Ruben Holsæter som igjen viste mange prov på eit talent i stor utvikling.

(Artikkelen held fram under biletet)

Even Hovland med den avgjerande scoringa

Even Hovland (liggande) stuper inn den avgjerande scoringa. Christer Husa prøver desperat å hindre scoring.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Kader-scoring

Barry Kader fekk Sogndal inn att i kampen med eit hardt skot langs bakken. Etter kvilen avgjorde Sogndal kampen med to mål av Håvard Flo og Even Hovland. Førde datt bakpå og sleit tungt. Men ikkje meir enn at laget reduserte til 2-3 på ein tabbe av sogndalskeeper Bendik.

Og Thor Erik Nygård fekk ein kjempesjanse til utlikning like før slutt. Diverre traff han ikkje skikkeleg då han kom åleine gjennom. Avslutninga gjekk rett i fanget på sogndalskeeperen.

- Eg er nøgd med innsatsen spelaren legg for dagen. Med litt marginar på vår side kunne me detonert ei cupbombe. Men etter kvilen kom me aldri skikkeleg inn i kampen. Likevel fekk me vist mange av dei kvalitetane laget har, seier førdetrenar Knut Erik Folland.

Det enda 3-2 til Sogndal som dermed kan gjera seg klar til 3. runde i NM.