Alltech er globalt leiande innan dyrehelse og ernæring, og har i kring ti år samarbeidd med dei to familieeigde Produs-selskapa.
Kjøpebeløpet blir halde hemmeleg, men finansdirektør Magne Kolstad meiner verksemdene med totalt 15 tilsette kjem styrka ut av oppkjøpet.
– Alltech er eit selskap der forsking står i framsetet. Det er annleis å vere på innsida enn å stå på utsida. No får vi vere med å utvikle nye produkt i næringa.
– Du er ikkje redd for at arbeidsplassar skal bli flytta eller lagt ned?
– Nei, tvert om. Spesielt på havbruksnæring der Norge er fremst i verda, blir vi styrka og kan satse hardare i Norge. Vi kan utvikle teknologi her som kan brukast andre stader i verda, seier han.