Hopp til innhold

Førde forsterkar laget – har sikra seg to utanlandske spelarar

Førde Fotball har i dag skrive kontrakt med to nye spelarar – ein kroatisk keeper og ein dansk forsvarsspelarar.

Ante Knezovic og Mathias Fjeldal Olsen

KLARE FOR FØRDE: Keeper Ante Knezovic (20) frå Kroatia og forsvarsspelaren Mathias Fjeldal Olsen (23) frå Danmark har i dag signert toårskontrakt med Førde fotball.

Foto: Patryk Smørdal / NRK

20 år gamle Ante Knezovic frå Kroatia og 23-åringen Mathias Fjeldal Olsen frå Danmark har begge teikna toårskontraktar. Dei har tidlegare vore på prøvespel i Førde.

Sportsleg leiar Odd Hagen i Førde Fotball seier dei no har sikra seg to viktige brikker med tanke på årets sesong.

– Vi har vore ute for å sikre oss på keeper-plass, noko som var veldig viktig. Vi har også ein del forsvarsspelarar som har lagt opp, difor måtte vi styrke forsvaret. I dag fall desse brikkene på plass, seier han til NRK.no.

Keeper på to meter

Hagen seier begge spelarane har viktige kvalitetar for 2. divisjonslaget Førde.

– Ante er ein atletisk keeper på to meter med stor rekkjevidde. Han er teknisk god med beina, og vi forventar mykje av han. Mathias har spelt på nivået under hovudligaen i Danmark, tilsvarande Adecco-ligaen her. Han er ein anvendleg forsvarsspelar som også kan brukast på kant og midtbane, seier Hagen.

Lokkar med ein god pakke

Fotballklubben har ikkje betalt noko for dei to spelarane, og dei kan ikkje lokka med gullkanta kontraktar. Hagen seier dei to utanlandske spelarane vil vere i Førde fordi klubben kan tilby ein god pakke.

– Ingen blir rike av å spele fotball i Førde, men det sportslege tilbodet er bra. Vi kan tilby eit godt produkt med gode trenarar og etter kvart bra anlegg. Vi har også hjelpt til med å skaffe dei jobb.

– I Førde kan dei utvikle seg og på sikt ta steget opp på eit høgare nivå, seier Hagen.

Måtte gå utanlands

Førde Fotball har eit mål om å ha ein lokal profil på laget. Hagen meiner dei har det – sjølv om dei hentar to utanlandske spelarar.

– Vi har ein god lokal profil. Det å knytte til seg norske spelarar har ikkje vore så enkelt som vi trudde. Skulle vi oppretthalde styrken på laget frå i fjor, så måtte vi gå utanfor landets grenser.

– Er Olsen og Knezovic henta inn med tanke på eit eventuelt opprykk?

– Sesongen i fjor gav meirsmak med ein tredjeplass. Vi har ikkje sagt at vi ønskjer å rykkje opp i år, men vi vil i alle fall kjempe på øvre halvdel av tabellen.

Blir kanskje ein ny spelar til

Med dagens to signeringar er klubben ganske komplett når det gjeld stallen føre årets sesong.

– Vi har kanskje ein spelar til på veg inn, men det er ikkje noko som er klart på dette tidspunktet.

– Er laget i rute før sesongstart?

– Vi har alt starta treningskampane med mellom anna siger over Sogndal. No går det slag i slag mot sesongopninga i midten av april. Vi er absolutt i rute, ja, seier Hagen.