Hopp til innhold

Øystein Myrkaskog vel å bli i Førde - synd og overraskande, seier Sogndal-leiar

Øystein Myrkaskog blir verande i Førde og har sagt eit førebels nei til overgang til Sogndal Fotball.

Øystein Myrkaskog

FRYKTA SPISS I 2. DIVISJON: Øystein Myrkaskog sette inn 16 seriemål for Førde i 2013. Her i kamp mot Moss på Melløs stadion, der Førde vann 5-0.

Foto: Glenn Thomas Nilsen

– Eg føler at eg ikkje er ferdig i Førde enno, eg har berre vore her i ti månader. Eg meiner det er rett for meg å velje Førde framfor Sogndal. Totalpakka her i Førde er meir rett for meg no, seier Myrkaskog til nrk.

Det var avisa Firda som i dag kunne fortelje at Myrkaskog har sagt eit førebels nei til Sogndal.

Myrkaskog var i forrige veke med Sogndal på treningsleir på Gran Canaria. Sjølv synest han at han gjorde det greitt der.

– Eg merka at det var eit høgare nivå og tempo, men eg føler at eg gjorde ein god figur. Eg har ikkje eliteserienivået inne, men hadde eg reist til Sogndal og fått konsentrert meg om fotball på heiltidsbasis så trur eg nok eg skulle ha teke nivået.

Håvard Flo

- SOM LYN FRÅ KLAR HIMMEL: Sportsleg leiar Håvard Flo synest det er synd og overraskande at Øystein Myrkaskog sa nei til Sogndal.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

– Synd og overraskande

Sportsleg leiar Håvard Flo i Sogndal Fotball seier at han meiner spissen frå Vik var moden for å ta steget opp til eliteseriefotball.

– Det er litt synd og litt overraskande ut frå den dialogen vi har hatt over lengre tid. Øystein hadde signalisert at han var klar for eit nytt steg, og kontrabeskjeden no kom som lyn frå klar himmel for oss.

– Ville ha blitt viktig brikke

Flo seier at døra til Sogndal Fotball ikkje er stengd for Myrkaskog sjølv om han seier nei takk i denne omgangen, men han meiner dette var rette tidspunktet for vikjen.

– Ut frå den utviklinga Øystein har hatt i Førde siste året var det ein god setting no for å kunne bli ein viktig brikke for oss i 2014-sesongen.

– Så du meiner han ville ha blitt ein viktig brikke?

– Definitivt. No passa det godt for oss å hente eit talent frå eige fylke, eg er sikker på at timingen var veldig bra for Øystein. Men han stilte sjølv litt spørsmål om han hadde den rette driven som han visste det ville bli forventa av han her.

Øystein Myrkaskog har også tidlegare hospitert med Sogndal Fotball, men han valde i fjor å ta eit litt kortare steg opp i fotballnivå då han gjekk til Førde og 2. divisjon. Der delte han toppscorartittelen med Kristian Fardal Opseth.

Sportsleg leiar Håvard Flo i Sogndal Fotball seier at det var dei som rådde Myrkaskog til å ta det mellomsteget som Førde innebar.

– I Førde har han fått mykje erfaring, og han har utvikla seg fint. Vi meinte at tida no var inne til at han tok eit nytt steg. På Gran Canaria bekrefta han kvalitetane sine.

– Håpar på sjanse seinare

Øystein Myrkaskog ser ikkje bort frå at han kan velje Sogndal på eit seinare tidspunkt. Men han er fullt klar over at døra til Sogndal kan bli litt mindre open framover dersom klubben no sikrar seg andre spelarar.

– Eg er klar over at eg kanskje har fått min sjanse. Eg håpar å få eit tilbod seinare. Men det er ikkje opp til meg. Dei må avgjere om dei vil gje meg fleire sjansar. Eg kjem uansett til å gjere jobben så godt eg kan i Førde, så får vi sjå.

Han seier målet no er å hjelpe Førde til å ta endå eit steg oppover etter tredjeplassen i 2. divisjon i fjor.

Knut Erik Folland

RESPEKTERER VALET: Førde-trenar Knut Erik Folland meiner Myrkaskog har teke ei vaksen avgjerd.

Foto: Alf Vidar Snæland

Trenar Knut Erik Folland i Førde seier at han på den eine sida er glad for at han også har Myrkaskog i stallen denne sesongen.

– På den andre sida ynskjer vi at spelarar skal gå vidare, men dei må gjere det når dei sjølve er klare for det. Eg respekterer det valet han har teke, eg synest det er modig og vakse av han dersom han ikkje synest tidspunktet er det rette.

Folland er oppteken av å ha eit godt tilhøve til Sogndal Fotball.

– Det er Sogndal vi primært ynskjer å levere spelarar til. Vi vil vere med å styrke profilen Sogndal har i fylket, og det er viktig for oss at dei er i Tippeligaen som det lokomotivet dei skal vere for fotballen i Sogn og Fjordane.

Sogndal vil vurdere alternativ

No må Sogndal sjå seg om etter alternativ til Øystein Myrkaskog. Håvard Flo seier at spissmakkeren til Myrkaskog i Førde, Kristian Fardal Opseth, er ein interessant spelar, men at tida får vise om han kan bli aktuell.

– Vi er godt oppdaterte over kva som finst i marknaden, både lokalet og eksternt, så tida får vise kva prioriteringar vi gjer.