Hopp til innhold

Førde Ap støttar Helse Førde

Arbeiderpartiet sitt lokallag i Førde gjev Helse Førde full støtte dersom dei vel å gjere fødeavdelinga i Eid om til fødestove.

Jorunn Eide Kirketeig

Jorunn Eide Kirketeig

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Er talet på fødslar under 400, får jordmødrer og gynekologar for lite trening i å ta i mot babyar, meinte stortingspolitikarane for sju år sidan, og det same meiner Eide Kirketeig i dag.

LES OGSÅ: Til kamp for Sentralsjukehuset

- Vi må ta innover oss at det er eit fagleg panel som har sagt noko om tal fødslar som skal ligge til grunn for at ein kan ta dei kompliserte fødslane. Det vel vi å ta omsyn til, seier ho.

Kirkeeide kastar med det ein brannfakkel inn i fødetenestedebatten berre fem dagar før Arbeidapartiet skal vedta ein ny sjukehuspolitikk for Sogn og Fjordane.

LES OGSÅ: Rysta over eige parti

Seinast fredag varsla Ap sine lokallagsleiarar i Måløy, Eid og Årdal at dei ikkje ville fira ein tomme i saka om fødeavdelinga på Nordfjordeid og den forsterka fødestova i Lærdal. Det ubøylege minimumskravet er å oppretthalde fødetilbodet slik det er i dag.